Maisvarmesum (MVE)

Bilde1
Figur 1. MVE i Etne siste 9 åra. MVE for 2021 og 2022 er framheva. (MVA for Særheim viser lik utvikling).

Eit middels år

Samanlikna med 2021 er det mange, særleg på Haugalandet som har opplevd låg avling på mais denne sesongen. Men det er stor variasjon mellom felta. Forsøksfeltet i Etne er plassert i det beste feltet. Her har vi hausta vel 1100 kg TS/daa, noko som er om lag 500 kg TS lågare enn fjoråret. Likevel der dette ei toleg god avling, samanlikna med gras. Ser vi på maisvarmesummen (MVE), er 2022 blant dei 3-4 lågaste siste 9 åra, svært lik 2019. I 2021 opplevde vi den nest høgaste MVE siste 9 åra.

Store variasjonar

I Etne finn vi tre felt. Midel for dei to beste felta er om lag 3000 kg råavling pr dekar, medan for det dårlegaste ligg ned mot 1000 kg pr dekar. Det to klare skilnader mellom det dårlegaste feltet og dei to andre:

  1. Det er brukt husdyrgjødsel på dei to beste felta, som har tilført meir fosfor.
  2. Bruk av feil blanding av plantevenmiddel. Det vart brukt Maister + klebemiddel(Mero) ved første sprøyting. Dette tar dei fleste ugrasslaga, men ikkje linbendel som var den dominerande ugrasarten i feltet som skuffa avlingsmessig. Kaldt vått vær i spirefasen gjorde at linbendel tok overhand. Og sjølv om mais etter kvart vaks over linbendelen, blei felta med ugras svakare, bleik i farge som om dei mangla næring.
Mais Etne 2022
Figur 2. Maisfelt i Etne. Lys farge viser kvar ugras dominerer.
Mais mykje ugras Etne 2022
Figur 3. Linbendel hemmar veksten av mais sterkt i starten av sesongen