Forhandlarane av gjødsel har lita tru på at gjødselprisen vil gå ned framover. Logistikken i produksjon og utkøyring vil òg bli vanskeleg om alle ventar til neste år med å bestille.

Mange faktorar har gjort at det har vore lønnsamt å handle på høsten; låg rente, tidlegare momsoppgjer og termintillegg dreg alle i same retning som før. Vi trur at det i alle høve er lønnsamt å bestille den gjødsla ein skal bruke til våren. Har du brukt å kjøpe på høsten og har god erfaring med å oppbevare gjødsla på garden, vil det å kjøpe no ha dei same fordelane som før. Prisen på alle gjødselslag fyljer no stort sett endringane i prisen på verdensmarkedet.

Christian Anton Smedshaug, AgriAnalyse, og Dag Tore Moe, Yara, forklarer bakgrunnen til den prisauken vi har fått. Dette er faktorar som pris på råvarer frå gruver og N-produksjon, gasspris, transport, produksjon, etterspørsel, osv. Det er derfor ikkje enkelt å seie korleis prisene på alle gjødsel vil utvikle seg fram mot våren. Det kan sjå ut til at den kan flate noko ut, men sjansen for at den går ned er liten. Det er nye prisar 1.juni kvart år, og det kan vere ein tanke å vente med å bestille det du skal bruke etter den datoen til da. Men det er viktig å ha den på garden når du treng den! Å vente på gjødsla i 1-2 veker i beste vekstsesongen kan føre til stor avlingsnedgang.

Ønsker du gjødslingsplan før nyttår? Ta kontakt med din rådgiver snarest.


Tenk strategi i gjødslinga - optimal bruk av husdyrgjødsel er viktig

Med dyrare gjødsel blir det viktigare å optimalisere bruken av gjødsla. Dei som har tilgang på husdyrgjødsel og anna organisk gjødsel må utnytte denne betre enn før, for å spare handelsgjødsel og dermed pengar.

Mange har etter kvart svert god erfaring med å bruke husdyrgjødsla på eng. På mange bruk med husdyr vil ein med møkka kunne dekkje det meste av fosforbehovet på garden. Er det god kaliumstatus på garden vil òg dette behovet bli dekt med møkka. Da er det nitrogen og svovel som ein må supplere med, om ein ikkje har nok kløver/ belgvekstar i enga. NS-gjødsel vil sikre at alle næringsstoff vert godt utnytta. Svovelholdig N-gjødsel er spesielt viktig ved bruk av blautgjødsel, og da spesielt på jord med lite mold.

Dyrare handelsgjødsel aukar verdien på husdyrgjødsla. Jan Karstein Henriksen i NLR Agder har laga eit oppsett som syner kor langt ein kan forsvare å køyre husdyrgjødsel med traktor og møkkvogn. Generelt seier han at med auka prisar på handelsgjødsel, er det lønnsamt å køyre 1,2 km per m3 du fraktar. Med ei vogn på 12 m3 kan du dermed sprei møkk på eit jorde 14-15 km frå kum / møkkjellar.

Optimal bruk av husdyrgjødsla, rett kalking og ei god gjødslingsplan er viktig for både agronomien og økonomien, så ta kontakt med din rådgjevar i NLR og diskutere gjødsling, kalking og planteproduksjon på ditt bruk!

Kjelde: Informasjon frå NLR Østafjells, og NLR Innlandet