NLR Vest kan hjelpe deg med å nå måla dine! Vi tilbyr rådgjevingspakken NLRpluss Grovfôr til deg. Det er via denne pakken vi kan hjelpe deg med rådgjeving gjennom sesongen.

NLRpluss Grovfôr er eit tilbod om individuell rådgivingsavtale for deg som ynskjer tettare oppfølging på produksjon av grovfôr.
Målsetting for NLRpluss Grovfôr er gjennom individuell rådgiving å auke avling og kvalitet, og samtidig gje råd om prioritering av arbeidsoppgåver.
Innhaldet i NLRpluss Grovfôr skal tilpassast den enkelte deltakar. Aktuelle tema kan vere:

  • Vurdering av gras og jord på ulike skifte – prioritering av tiltak
  • Markvandring før slått - oppfølging fram mot slåtten
  • Grasprøver før slått – råd om slåttetidspunkt
  • Uttak av fôrprøver – framlegg til forbetring
  • Optimalisere gjødsling
  • Gjennomgang og evaluering etter sesongen – framlegg til endring
  • Maskinteknikk/presisjonslandbruk

Det skal lagast ein enkel avtale mellom gardbrukar og rådgjevar om kva som skal inngå i rådgivingspakken, samt kor lenge avtaleperioden skal vare.

Pris for NLRpluss Grovfôr: Kr 3700,- . Tidsforbruk ca. 5 timar.

Bestill NLRpluss grovfôr her