Plog er vanleg å bruka ved fornying av eng, men det finst alternative jordarbeidings-reiskapar. Skålharv til dømes kan vera aktuell på areal med mykje stein eller det er grunnlendt. Ei skålharv kan til ein viss grad blanda husdyrgjødsel inn i jorda, men er dårleg i høve til å redusera rotugras samanlikna med plogen. Bruk av skålharv er meir effektiv og mindre energikrevjande enn plogen. Fornying av gamal eng med skålharv i økologisk driftsopplegg vil vera svært vanskeleg.

Demo skalharv Flatekvar 2026
Skålharv vart demonstrert på Voss 6. mai hjå Karoline Flatekvål og Bjørnar Nedkvitne. Nødvendig med 2-3 turar for å gje eit tilfredsstillande såbed. Arrangør: Vest Traktor og Maskin as i samarbeid med NLR.
Demo skalharv