Når det går gale, er det lett å vere etterpåklok. Åtte menneske har mista livet knytt til brøyting og tilhøyrande aktivitetar dei siste 10 åra. NLR har sett nærare på kva du kan gjere for å unngå liknande situasjonar, og vi har også sett litt på kva lover og reglar du bør vere ekstra merksam på.

Bruk belte - alltid

Du som les dette er truleg av dei som er ekstra opptatt av å køyre trygt. Mest truleg brukar du belte når du køyrer. Det er bra. All køyring langs veg medfører ein risiko for velt. Det skal ikkje meir enn ein uventa fortauskant til før traktoren gjer eit kast. Kjem hjula ut i grøfta, er det lite som skal til før traktoren veltar. Sjølvsagt har veldig mange opplevd at det går bra. Heldigvis. Men dei gongane traktoren ikkje held seg på hjula, eller om traktoren gjer eit kast så kraftig at du ikkje ville klart å bli sittande i setet, er situasjonen veldig enkel: Har du belte på, er du trygg. Då overlever du, kan hende heilt uskadd. Har du ikkje belte på, er sjansen kritisk stor for at du blir drepen.

Der er ingen enkelt-tiltak med så stor livbergande effekt som å bruke belte når du køyrer traktor. Det er heilt gratis. Beltet skal vere der. Bruk det, og be alle du kjenner om å gjere det også.

Pass på blindsonene!

Eit sterkt forsømt tema i opplæringa på traktor er blindsoner. Ein moderne traktor utan reiskap har temmeleg god sikt. Reiskapar, terminalar, snø på vindauga og gjenstandar i traktorhytta kan ta bort kritisk mykje av sikten.

Dei enkle tiltaka først: Plasser skjermar, wunderbaum og alt sånt så det ikkje ikkje stel sikten din. Hald rutene reine, også utanfor vindusviskar-området, så langt det lar seg gjere.

Lastaren heilt ned

Ein klassisk feil er å køyre med frontlastaren for høgt. Vår tilråding er at lastaren skal vere så lågt som råd. Er du i tvil om kor lågt du kan ha lastaren, så gå ut og sjekk, og senk litt til.

Er lastaramane litt for høgt, kan dei skjule ein vaksen mann ute til høgre eller venstre for traktoren. Om lastaren er lågt nok, kan du sjå ein barneskule-elev der du ikkje ser den vaksne mannen.

Det har skjedd fleire dødsulukker der nettopp lastararmane i for høg posisjon er ein viktig medverkande grunn. Også all annan frontmontert reiskap bør vere så lågt nede som praktisk mogeleg i transportposisjon.

Sjå forbi tuten

Tuten på ein front-fres er eit problem. Om du legg ned tuten, er der ein lang strekning framom traktoren der du ikkje ser. Når tuten står oppe, klarer du ikkje å kompensere for blindsona ved å flytte hovudet frå side til side, fordi avstanden frå deg til fresen er så lang. Skal du forsikre deg om at der ikkje er noko i blindsona, må du pendle litt frå side til side med traktoren.

Sjå og bli sett, men ikkje overdriv

Mange som køyrer arbeidsmaskiner opplever at andre trafikkantar tar lite omsyn, og prøver å kompensere med overveldande bruk av blitslamper. Både vi i NLR og folk i lastebilnæringa spør seg om dette no er gått for langt. Intens blitsing kan fort ta bort merksemda, i standen for å virke etter hensikten. Blinkande gult lys skal berre brukast når du har overbreidde (over 260 cm) eller har ei unormal åtferd i trafikken, til dømes at du driv brøyting. Ved transportkøyring med maskinbreidder under 2,6 meter skal du ikkje blinke gult.

Om du føler behov for å køyre med arbeidslys, skal du tenke deg ekstra godt om. Det er fort gjort å blende andre trafikkantar. Under arbeid må du utvise godt skjønn. Trafikkens grunnregel seier mellom anna at andre trafikkantar ikkje skal bli unødig forstyrra, så her er spørsmålet kor mykje lys som faktisk er nødvendig.

Ved transportkøyring skal arbeidslysa vere av.

Kjetting, dekk og pigg

Vanlege traktordekk på vinterføre har mykje til felles med pub-til-pub-sko. Industridekk, gjerne med seiping og pigg, er ganske bra, og enda betre er det med vinterdekk til traktor. Lovkravet er at du støtt skal vere skodd etter forholda. Nok ein gong er vi inne på ei skjønnsvurdering.

Derimot er det lite rom for skjønn i spørsmålet om å ha med kjetting. Der er kravet pr. no at alle køyrety over 3,5 tonn skal ha med kjetting i piggdekkperioden: To til drivande hjul og ein til styrande hjul. For traktor betyr det to kjettingar til bakhjula og ein til framhjula. Campingbilar er forresten unntatt frå dette har sitjande regjering bestemt, for der blir det for dyrt!

NLR og Bondelaget jobbar med å få endra denne forskrifta i fornuftig retning, noko som diverre tar lang tid. Å ha med kjetting gir lite meining, så lenge vi også har kravet om å vere skodd etter forholda.

Hugs forresten at det er like lite lovleg å køyre med pigg i traktordekka sommarstid, som å køyre med piggdekk på bilen.

I statistikken vår har vi fleire ulukker der brøytetraktoren har køyrd utfor vegen. Det kan godt hende at hjulgrepet har vore for dårleg, enda til med kjetting. Skilnaden på ei utforkøyring og ei dødsulukke i desse tilfella er likevel ikkje bruk av dekk eller kjetting, men bruk av setebelte.

Tenk «kva om», køyr trygt og kos deg!

Det aller viktigaste tiltaket er å vere klar for det uventa. Ta ein gjennomgang med deg sjølv, og eventuelle folk du har i arbeid: Korleis kan eg hindre at ting går gale? Korleis unngår eg at noko skjer med meg og traktoren min? Kva gjer eg om der er mjuke trafikkantar i vegen, eller om der kjem bilar i mi køyrebane? Korleis er eg så sikker som råd på at eg har sett eventuelle farer rundt meg? Kva gjer eg om ting som ikkje skulle skjedd likevel skjer? Flypilotar brukar mykje tid på simulatortrening, på hendingar dei aldri opplever. Du kan i det minste tenke gjennom dette, eller snakke med nokon om det. Gjerne HMS-rådgivaren din. Då kan du føle deg mykje meir trygg når du tek plass bak rattet, og du er mykje meir sikker på at du får ein god vinter!

Og PS: Takk for innsatsen! Vi er mange som er utruleg glade for jobben du gjer, hugs det!