
Dette er ein møll som primært nyttar rogn som vertsplante. Rognebærmøllen overvintrar som puppe i bakken. Når temperaturen aukar i mai/juni vil den klekke og ta til vengjene på jakt etter ein make. Den legg helst egg på rognebæra, men enkelte år er det så lite rogn at den må nytte den nest beste vertsplanten, nemleg eple.
Larve i eple
Hoa vil legge egg på rogn eller eple i andre halvpart av juni, avhengig av temperaturen. Når egga blir klekte nokre dagar seinare, vil larven gnage seg inn i rognebæra og ete på frøa, eller lage gangar på kryss og tvers i eplet, dersom egga er lagt her. Larven blir inne i bæra til den er ferdig utvikla og slepp seg ned på bakken i august for å overvintre. I eple vil den berre unntaksvis klare å gjennomføre livssyklusen og få sleppt seg ned for å overvintre. Det er lett å sjå inngangssåret på eple etter rognebærmøllarven. På skalet til epla vil ein sjå små hol omkransa av kvit inntørka saft. Desse epla vil ein ikkje kunne nytte til konsum, og ved store angrep kan det bli totalskade i enkelte felt.

Sommaren 2025
Rett etter snøsmeltinga har NLR vore ute og henta inn kvistar frå villrong i skogen. Desse kvistane vart satt til driving inne for å få sjå utsiktene til blomstermengde. Det var i år tidleg klart at rogna var mindre blomerik og me forventa at det ville bli eit angrep i eplefelt. Dette vart bekrefta når den vanlege varslinga vart gjennomført i starten av mai. Bløminga av rogn var nesten fråverande og populasjonen av rognebærmøll er stor. På fleire lokalitetar som NLR overvaker fann ein ikkje ein einaste rogneblom på referansetrea. Tala vart rapportert inn og NIBIO som sende ut varsel om stor angrepsfare for heile Noreg. NLR har søkt Mattilsynet om å få bruke eit kjemisk plantevernmiddel som har relativt god effekt på rognebærmøllen. Mattilsynet har godkjent ein midlertidig tillatelse (dispensasjon) til at me kan bruke Coragen mot rognebærmøll frå 31. mai til 31. juli . I tillegg vil enkelte dyrkarar bruke Mospilan eller olje og såpe om dei er særs utsette for skader i epla.
Status så langt
I alle fruktdistrikt er det hengt opp kairomonfeller for å overvake innflyginga. Dette er feller som har eit luktstoff som tiltrekkjer seg møllen. Det vart hengt ut 10 feller i kvart felt for sjå når innflyginga startar og om skadeterskelen blir overskriden. Skadeterskelen er på til saman 4 møll i 10 feller. Denne informasjonen og blømingstidspunkt for villrogn blir brukt for å estimert når det er best å sette inn tiltak.
I tillegg til dette må ein ta høgde for stor lokal variasjon, så det er viktig å ha kjennskap til eigne felt og den lokale rognepopulasjonen. Ta kontakt med den lokale NLR-rådgjevaren om ein vil ha eksakt justering for dine felt.
Tiltak
For yrkesdyrkarar vil ein bruke Coragen ved eggklekking på 556 døgngrader etter bløming i rogn. Eggklekkinga skjer i slutten av juni for dei fleste lokalitetar. Resultata av fangsten av vaksne i kairomonfeller, kan gjera at den lokale NLR-rådgjevaren kan justere dette tidspunktet.
Økologiske dyrkarar kan ikkje bruka kjemiske plantevernmiddel. Der blir det tilrådd å nytte ei blanding av olje og såpe. Denne blandinga skal dekke trea og «kvele» egga. Egga treng luft når dei klekkjer og etter påføring av olje/såpe-blandinga vil larvene ikkje klekke. Tiltaket må gjentakast fleire gonger. Denne sesongen har me tilråddt tre gonger, 450 døgngrader, 550 døgngrader og ei til på den seine innflyginga.
Hobbyhagar
Det er ingen tiltak ein kan setje inn her, med unntak å lage til ei olje/såpeblanding. Bland ut 1,3 dl olje + 0,2 dl såpe i 10 liter vatn. Denne skal så sprøytast på heile treet for å hindre eggklekking. Det er ikkje sikkert at dette tiltaket er fullgodt, så ein bør belage seg på at epla får skader i år. Er skaden minimal kan dei likevel pressast til eplejus, men ved store angrep av rognebærmøll vil nok epla ikkje vere egna til anna en komposteringshaugen.