Er du ny bonde? Eller skal du starta ny produksjon?
Gjennom Mentorordninga i landbruket får du oppfølging frå ein erfaren bonde gjennom eit heilt år. Du får gode, praktiske råd, støtte og eit nettverk av både ferska og erfarne bønder – heilt gratis. At mentoren får godtgjersle, gjer det ofte lettare å ta kontakt.
Dette er eit tilbod til både nye produsentar og produsentar som startar ny produksjon. Bønder under 35 år har førsteprioritet, men alle kan søkja.
Trur du dette kan vera noko for deg eller nokon du kjenner? Send inn ein søknad i dag!
Mentorordninga i landbruket gir fruktbart fellesskap
ROGALAND: Marius Marthinsen på Jåttå i Stavanger er dreven ølbrygger, men fersk som fruktbonde. Mentor Jo Arild Tønnesen har god erfaring med epledyrking og produksjon av juice og sider på Sandalen gård på Randaberg. Sammen utvikler de nå nettverket i området.

Trygt og lærerikt å ha en erfaren mentor på laget
ØSTFOLD: Da Årets unge bonde Jens Ludvig Sørli (23) mistet faren og overtok drifta av familiegården i Skjeberg i januar 2025, var det gull verdt at farens fetter Erik Sørli stilte opp som mentor. Begge har glede og nytte av samarbeidet.

Ranheim gård får mentorhjelp over sundet
NORDLAND: I desember 2020 flytta Hanne (30) og Henning Ranheim (33) til Aldersundet. Siden da har de deltatt aktivt i gårdsdrifta med sau, og i fjor sommer tok de over Ranheim gård. Gjennom Mentorordninga i landbruket har de fått verdifull støtte og konkrete råd fra den erfarne sauebonden Odd Even Pedersen.

– Kjekt å få være med i mentorordninga i år også
MØRE OG ROMSDAL: Det svarer Hege Marit Hyllnes fra Gjemnes når vi spør om hvordan deltakelsen i mentorordninga var i denne runden. Hun var også med i 2023 som fersk mjølkeprodusent med mentor og kollega Kari Raanes fra Averøya. Dette året jobba Hege Marit og mentor Priska Ranheim fra Smøla med gardsbutikk og salg av gardens produkter.

Etter eit treårig, vellukka prøveprosjekt i Trøndelag, Vestland, Agder og Innlandet, vart Mentorordninga i landbruket landsdekkande i 2020.
Kvart år får tett på 150 ferske bønder sin eigen mentor i eit heilt år.
Søknadsfrist for å delta påfølgende år er 1. desember.
Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har ansvar for ordninga i samarbeid med Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Innovasjon Norge. Det blir gjeve økonomisk støtte over jordbruksavtalen.
Tilbodet er gratis for ny bonde. Mentor får godtgjering.
Ny bonde og mentor inngår ein formell avtale om kommunikasjon og møter gjennom eitt år.
Alle deltakarer vert tilknytta ein regionkontakt i NLR. Ved start får dei opplæring i kva opplegget går ut på og kva det vil seie å vere/ha mentor. Opplæringa skjer regionvis, der mentorar, nye bønder og regionkontaktar i NLR møtes.
– Mentorordninga har fungert veldig godt. Mange har nytta seg av tilbodet og hatt stort utbytte av å delta. Dette er eit gjennomarbeida opplegg med opplæring av mentorar, samlingar og oppfølging gjennom året, seier Mette Feten som er ansvarleg for ordninga i NLR.
Ho meiner det er eit godt tilbod til alle som er nye i landbruket, og oppmodar alle ferske bønder til å søkje.
– Du får gode, praktiske råd frå ein erfaren bonde. Av og til kan det vere vanskeleg å spørje ein nabo eller kollega om råd igjen og igjen. Då er det lettare med fast mentor som får godtgjersle, seier Mette Feten.

Mette Feten oppmodar erfarne bønder til å melde seg som mentorar.
– Vi treng fleire dyktige bønder som kan dele av sin kompetanse, seier Feten.
Trur du dette kan være noko for deg, er søknadsfristen for Mentorordninga i landbruket 1. desember for påfølgjande år.


