Gjødsla er dyr – og mykje av næringa du betaler for, går rett ut av systemet utan å gjere nytte for seg.

Med smart handtering og kompostering av husdyrgjødsel, fôrrestar, halm og anna organisk materiale, kan du både spare pengar og ta vare på miljøet. God kompost er bondens gull. Komposten gir ei stabil, næringsrik og levande jord som styrkjer jordhelsa, betrar strukturen og held på vatnet når det trengst mest. Den gjer òg at viktige næringsstoff blir resirkulerte tilbake til jorda, næringsstoff som elles går tapt om dei berre blir lagde i ei røys.

Rettleiar kvalitetskompostering pa gardsniva

Prosjektet har fått støtte frå Klima- og miljøprogrammet (KMP) ved Statsforvaltaren i Vestland, 2025