Problem med væskebalansen i blada, er eit viktig og tidleg teikn på om veksten er utsett for stress, som til dømes tørke eller insektangrep.
- Dette er eit gjennombrot for arbeidet med å overvake plantehelsa. For første gong kan vassinnhaldet i eit potetblad målast med ultralyd utan fysisk kontakt, seier Muhammad Awais Satter, postdoktor i reguleringsteknikk, ved Luleå tekniska universitet.

Tidleg varsling
Målingane vart gjort på friske planter i god vekst, under kontrollerte former for tørke. Det viste seg at ultralyd ikkje berre kunne avsløre om blada hadde tilstrekkeleg vatten, det målte også saftspenninga i bladet. Metoden har potensiale til å oppdage endringar på eit særs tidleg stadium, og kan da varsle om bl.a. behov for vatning.
Neste steg for forskarane er å bruke ultralyd for å oppdage tidlege angrep av skadedyr. Skadedyr forstyrrar ofte vassbalansen før det er muleg å oppdage skade. I kombinasjon med maskinlæring, skulle eit sånt system kunne oppdage mønster i bladets vassinnhold og automatisk varsle bonden i sanntid.
- Dette skulle kunne endre korleis vi tenker om overvaking av planteveksten i jordbruket, om vi kan gi bonden tilgang til informasjon om helsetilstanden til planta i sanntid, seier Muhammad Awais Satter.
Så vil tida vise om ultralyd blir like viktig for bonden, som for den gravide. Forskingsartikkelen er publisert i Scientific Reports og denne artikkelen er laga på grunnlag av eit oppslag på heimesida til Luleå tekniska universitet i oktober 2026.


