Korleis kan vi redusere klimagassutslepp frå ein driftsbygning, både ved bygging og i levetida til bygget? Får vi ein renessanse for tømmer frå eigen skog? Kva er eigentleg eit klimasmart landbruksbygg? Tenk langsiktig når du skal bygge. Vel løysingar og plassering som reduserer klimagassutslepp, både i bygg og drift. Bruk dei gamle bygga dersom du kan. Dette er nokre av råda frå forskar Matthias Koesling ved NIBIO som du kan høyre i vår siste podkast om klimasmarte driftsbygningar i landbruket. I tillegg snakkar vi med byggrådgjevar i NLR Vest Olve Flo Sunde. Han meiner at det kan vere mykje spart både for klima og lommebok å bygge av eigen skog, sjølv om det kan bli meir krevjande for bonden som skal bygge.
Flere nyheter
Før slåtten-besøk hos Åse Samdrift
Den 12. mai var rådgiver Lise Austrheim på NLR Grovfôrstrategi besøk hos Åse Samdrift, for å vurdere utviklinga til graset.
Vest
Smart gjerdearbeid med smart støpsel
Eit smart triks for å spare tid og plunder i arbeidet med straumgjerder.
Vest
Grovfôrrådgivarane i Vest på fagtur
Denne veka sette vi av to dagar til ei samling med møte og gardsbesøk.
Vest