Her kjem eit godt tips til dykk som driv med straumgjerde på beite.
Når gjerdet er sett opp og beitesesongen er i gang hender det frå tid til anna at gjerdeapparatet står og blinkar og du må ut og leita etter feil på tråden. Det kan vera at gjerdet er slite av, anten av hjort eller av husdyr, eller så kan det vera feil på sjølve tråden.
No dei siste åra har det kome smartstøpsel eller wifi støpsel på marknaden, der du kan styra straumforsyninga til det du set i støpselet via ein app på telefonen. Produsentane reklamerer med at dette er ideelt for t.d. panelomnar og utelys. Eg introduserer med dette eit anna nyttig bruksområde, nemleg å bruka smartstøpselet til gjerdeapparatet.

Når du har sett gjerdeapparatet i eit smartstøpsel kan du, når du har funne feilen på gjerdetråden, skru av straumen på gjerdet i appen til støpselet. Når feilen er utbetra kan du skru på straumen att i same app. For å kunne nytta smartstøpsel er du avhengig av å ha wifidekning der støpselet er sett i, altså der du har gjerdeapparatet. Appen verkar ved vanleg dekning for mobildata.
Dette kan spara deg nokre turar tur-retur til der feilen er, eller du slepp å ha bemanning på tunet som du kan ringa til for å avtala av og på med straum.
