Prognoseprøver 2025

3. juni Sunnfjord

Litt regn dei fleste dagar sist veke og i veka som kjem gjer at det er lite slått i området. Nokon fekk slått litt fredag 30. mai og hausta laurdag 31.

Det er framleis tørt i bakken etter den langvarige tørkeperioden i mai. Dei som hausta i helga rapporterer om køyresterk mark.

Grasanalyse frå Bruland i Førde 18. mai og Straumsnes i Fjaler 19. og 26. mai er grunnlag for prognosen i kvalitetsutvikling i dagane fram til 8. juni.

Bruland i Førde ligg i år, som tidlegare år, litt føre ytre strok i kvalitetsutvikling, men det er store lokale variasjonar knytt til engkvalitet/botanikk, jordtype og topografi.

Energiinnhaldet i graset er framleis høgt, og grunna det kjølege vêret framover vil nedgangen i foreiningskonsentrasjon gå seint i ytre strok. Yr.no melder at det skal vere 3-4 grader varmare i indre strok enn på kysten i dei neste dagane. Foreiningskonsentrasjonen vil difor falle raskare i indre strok enn lenger vest. Over pinsehelga så hastar det med å få hausta eng mange stader for å få eit energirikt fôr.

Arve Arstein

Prognoseprover tabell mai 25
Prognoseprover figur mai 25
Prognose for utvikling i fôreiningskonsentrasjon for eng i ytre Sogn og Sunnfjord basert på grasanalyse 26. mai.
Vaermelding prognoseprover mai 25