To av fire golv i Vestland fylke som kollapsa i 2025 og 2026, var etter måten gamle - frå rundt 1976/77. Felles for begge desse er at dei hadde dragarar med stolpar i stål som hovudbering, og rustangrep på desse var sterkt medverkande til at dei svikta.
Den tredje driftsbygninga var nyare, og her var det opplageret av hovuddragar som svikta slik at denne fall ned.
Den fjerde er enno ikkje undersøkt av sakkunnige.
Stålkonstruksjonar meir utsett
Ein stålkonstruksjon med søyler og dragarar er annleis enn ein i betong. I ein betongdragar ligg armeringa som ber lasten, inne i konstruksjonen og er verna av betongen. Det er dessutan etter måten lett å sjå når det er skader på gong i og med at det fell av stykke av betongen dersom armeringa er i ferd med å ruste. I tillegg vert dei gjerne kraftigare samanknytt med betongveggar og mellom dragar og søyle og søyle/fundament.
Tynne lag av rustvern
På stålkonstruksjonar er gjerne sjølve stålet verna av tynt/tynne lag som er meir utsett for fysiske skader. Det kan vere galvanisering, grunning og måling/lakk av ulike typar – eller dei kan vere ubeskytta.
Erfaringane frå dei to bygningane frå 1976/77 er at rustangrepa varierer mykje og mykje innanfor relativt korte avstandar. Frå lite og inkje til svært mykje. I begge tilfella såpass mykje at steget på dragarar var gjennomrusta. Steget er den delen av ein bjelke som går mellom øvre og nedre flens, og når det vert gjennomrusta, minkar bereevna dramatisk.
Attåt dette medverkar profilen på H-bjelkar slik at det lett samlar seg gjødsel, urin og fôrrestar oppå flensane og oppetter steget på bjelken.
Midtstøtta svikta
I begge tilfella med eldre fjøs har midtstøtta svikta. Når det skjer, får ein dragar med eitt +/- dobbelt så langt berande spenn; noko som fører til at nedbøyingskrafta (momentet) på sjølve dragaren blir fire-dobla. Og når ei søyle fyrst kjem ut av stilling ved ein svikt, minkar bereevna ytterlegare, og svikten vil såleis halde fram.
Om steget på dragaren er meir og mindre gjennomrusta på eit punkt, vil den der få eit svakt punkt som saman med den auka belastninga medverkar til at den knekk.


Svært aggressivt
Det er få fysiske miljø som er meir aggressive enn husdyrrom og gjødselkjellar. Husdyrrgjødsel og urin inneheld fleire nedbrytande stoff med amoniakk, ammonium og hydrogensulfid som dei mest aggressive i tillegg til fukt i lufta som fort kondenserer på stålkonstruksjonar når temperaturen er låg.
Fleire metodar
Helst burde stålkonstruksjonar i slikt miljø vore bygt i syrefast stål, men det er uråd økonomisk. Det gjeld derfor å verne mot rust på andre måtar. Aktuelle tiltak er:
- Galvanisering (varmforzinking), gjerne i kombinasjon med høveleg lakk eller måling som forlengar levetida på galvaniseringa. Er konstruksjonen skadd under montasje og/eller det er utført sveisearbeid etter galvanisering, er det viktig å beskytte med kaldgalvanisering så fort som mogeleg. Eventuelt i kombinasjon med rustfjerning dersom denne prosessen har byrja.
- Grunning og/eller kaldgalvanisering kombinert med høveleg lakk/måling.
- Spesielt viktig er det å beskytte søyler som vert ståande nede i gjødsla.
- Ytre overflate av måling eller lakk gjer det enklare å halde konstruksjonane reine og å oppdage rustangrep.
- Opne konstruksjonar (stålrøyr) vil det vere ein fordel om dei vert fylt med betong. Dette vernar røyret innvendig og gjer det stivare.
- Eit effektivt tiltak i tillegg er å legge ein duk over dragarar som leier gjødsel, urin og fôrrestar utanom dragarane på veg ned i kjellaren.

Best når det er nytt
Det seier seg for så vidt sjølv, men viktig å minne om: Førebygging mot rust vert best om det vert påført når konstruksjonane er nye, og før dei vert tatt i bruk. Det er dessutan viktig å gå nøye over konstruksjonane etter dei er montert for å sjekke at det ikkje er skader på rustbeskyttelsen og eventuelt reparere slike. I tillegg må rust som allereie er kome der, fjernast og beskyttast. Spesielt gjeld dette sveisesaumar.
Endra driftsformer
Så har ein det tilhøvet at driftsform i fjøset kan ha endra seg. Til dømes frå mindre bingar med fôring frå fôrbrett til storbingar med fôring frå fôrkorger, «islandsk» fôrhekk eller liknande. Effekten av dette er at fleire sauer kan samle seg på eit mindre område.
Same effekten har det at fôringa er endra frå utlegging kanskje to gongar per dag til å legge ut fôr for fleire dagar; til dømes i form av heile- eller oppdelte rundballar.
Det kan også vere endringar frå innkøyring av fôr med hjulgrabb til bruk av minilastar.
Felles for slike endringar er at belastninga på golvet fort kan gå ut over bereevna til konstruksjonane, og fare for samanbrot aukar. Går ein tilbake ein del år, var kravet til nyttelast frå småfe 200 kg/m2. Seinare vart det 250 kg/m2 og i dag skal det minst vere 300 kg/m2.
Omrøring
Etter kvart har det vorte vanleg å blande opp småfegjødsel med vatn, røre rundt og spreie som blautgjødsel. Kraftig omrøring fører til sidekrefter på stolpar i kjellaren og kan på den måten medverke til ein kollaps. Det er derfor viktig også å sjå til konstruksjonane med dette som bakteppe.
Bør vurdere konstruksjonane
Med dette som bakgrunn, bør det gjerast vurderingar av eksisterande konstruksjonar opp mot dagens driftsmåte i fjøsen. Ut ifrå dette kan det vere naudsynt å forsterke og/eller skifte ut konstruksjonar for å sikre seg. Dette kjem i tillegg til undersøking av tilstanden på konstruksjonane.
Bør kontrollerast
Undervegs i levetida bør det så kontrollerast for skader på stålkonstruksjonar. Norsk Landbruksrådgiving tek på seg slike kontrollar. Så langt har det i hovudsak vore betongkonstruksjonar som er kontrollert, men hendingar vist til ovanfor og andre, viser behov for kontroll av både stål- og andre berekonstruksjonar. På ein ståldragar vil rustfargen gå meir og mindre i eitt med gjødsel som legg seg utanpå.
Dersom det er lagt duk over, vil dragarane normalt vere reinare og lettare å gjere rein slik at det vert enklare å utføre inspeksjonen.
Klargjering
Medarbeidarar i Norsk Landbruksrådgiving SA har vore oppnemnt som sakkunnige i dei fire sakene det er vist til. Knut Erik Ree i to av dei, Edvin-Andre Hugvik i ei og Bjørn Steinar Skarbø i ei.


