På same måte som i fjor, har NIBIO i 2026 fått tilsendt infiserte bladprøvar med tørrote frå rådgivarane i NLR. Prøvane blir overførte til FTA-kort, som deretter blir sendt til Skottland for analyse. I Skottland blir DNA isolert direkte frå FTA-korta og genotypa ved hjelp av Single Sequence Repeat (SSR) analyse.
I år har vi fått inn 248 prøvar, fordelt på 69 felt. Vi har fått inn prøvar frå 10 fylke, der Innlandet står for om lag ein tredel av prøvane. Av desse prøvane hadde 224 nok DNA til vellukka genotyping. Som i fjor står gruppa «others» for mesteparten av prøvane (83,5%). Denne gruppa består av isolat som ikkje høyrer til kjende klonlinjer, men som truleg er oppstått etter kjønna formeiring hos tørrote-organismen.
Genotypen EU_41 vart funne i 33 prøvar (14,7%) fordelt på åtte felt i Nordland og tre felt i Innlandet. Genotypen EU_43, som er kjend for høg frekvens av resistens mot mandipropamid, vart funnen i fire prøvar: to prøvar i eit felt i Rogaland og to i Innlandet. Dette svarar til 1,8 %, som er ein nedgang frå i fjor, då vi fann ni prøver med EU_43 i til saman 244 prøvar (3,7%). I år er det ingen funn av EU_46, som i fjor vart funne i eit felt i Innlandet og eit felt i Østfold. Resultata kan indikera at det omfattande sprøyteregimet har medverka til å redusera frekvensen av resistente genotypar.
I NIBIO testar vi eit utval av isolata for resistens mot sprøytemiddel, inkludert mandipropamid og oksathiapiprolin, for å avdekkje potensiell resistens i isolata. Så langt har vi testa 10 isolat frå 2026 og 55 frå 2025. Testarbeidet vil fortsetja utover vinteren.




