ostlandet
Frukt og bær ·

Smartfrukt #1: Lagringssopp i eplesorten ‘Raud Aroma’ 2025

Skal eple av sorten Raud Aroma seljast seinare enn november må det setjast inn tiltak for å sikra dei mot kvalitetstap og ròteutvikling. I dette forsøket vart det prøvd kva effektar bruk av Delan WG, Signum og Kalsium Forte har i tida etter 1.juli og fram til hausting. Både Delan WG og Signum har førebyggjande verknad mot soppane som gjev kjølelagersopp og bitterròte, og må brukast i førekant av moglege periodar der det kan skje nye infeksjonar av ròtesoppar.

Gaute Myren 2024

Gaute Myren

Avdelingsleder/Rådgiver

Utprøvinga er ein del av prosjektet Smartfrukt som er eigd av Gartnerhallen.

Det vart denne sesongen gjort to forsøk i ‘Raud Aroma’ der forskjellen var dyrkar si tynningssprøyting og kor mange preparat som vart brukt mot lagersopp. I dette forsøket er det tynna kjemisk i blomstringa og prøvt fleire strategiar mot lagersopp i tida etter 1.juli og fram til hausting.

Feltvert

Feltvert: Knut Eilert Sørnes

Sort/planteår: Raud Aroma/2019

Planteavstand/radavstand: 100 cm / 380 cm

Tidspunkt for knoppsprett: ca 10.april

Begynnande blomstring: ca 7. mai

Begynnande hausting: 15. september.

Plantesystem: strengsystem utan bordsystem og botnstreng

Feltvert sprøyta med ATS og Cerone under blomstring.

Forsøksplan

Forsøket ble anlagt som eit randomisert blokkforsøk med fire gjentak. Det ble brukt Hardi trillebårsprøyte, og sprøyta til avrenning. Sprøytetrykket var 6 bar.

  • Sprøyterute: 6 tre, med eit usprøyta tre før og etter i rekkja
  • Hausterute: 6 tre
  • Totalt 96 tre i forsøket

Sprøytetidspunkt:

  1. ca. 8 veker før hausting – 28. juli
  2. ca. 5 veker før hausting – 11. august
  3. 14 dagar før forventa hausting – 6. september

Behandling

Preparat

v.s. i preparatet

Preparatmengde pr.

100 liter normalvæske-mengde

Preparat-mengde pr.

beh. (til 30 liter væske)

1.Usprøyta

2. 3x Kalsium Forte

Calcium propionat

260 g/l

360 ml

120 ml

3. 2x Delan og

1x Signum

Ditianon

pyraclostrobin og boscalid

700g/kg

67g/l og 267g/l

67g

50 g

20 g

17 g

4. Spr.tid 1:

Kalsium F + Delan

Spr. tid 2: Kalsium F. + Delan

Spr. tid 3: Kalsium F + Signum

Calcium propionat,

ditianon

pyraclostrobin og boscalid

260g/l

700g/kg

67g/l og 267g/l

360 ml

67 g

50 g

120 ml

20 g

17 g


Feltet er elles sprøytt med sopp (fram til 1. juli) og skadedyrmiddel som vanleg av feltvert.

Bilde 1

Registreringar før hausting

Det er valt ut tre med jamn avling og gitt ein karakter på feltet ved hausting (1-9, der 9 er 100% av potensialet til trea). Trea hadde i gjennomsnitt 4,95 i avlingsbedømming og det var ikkje skilnad mellom dei ulike behandlingane. Det var notert eplenedfall allereie i august og 54 % av trea hadde nedfall under seg. Samt at enkelttre hadde mykje skadesymptom frå eit bladlusangrep som var bekjempa tidlegare på sommaren.

Registrering ved hausting

Forsøkshausting og lagring

Det vart hausta 100 eple frå kvar rute av jamn mogningsgrad den 16. september. Epla hadde konsumkvalitet og vart hausta rett i brett i IFCO 6416. Forsøksepla vart kjølt ned og sendt med transport til NIBIO Ullensvang. Epla blei lagra ved 4 °C til 24. november og vidare 14 dagar ved 20 °C. Det vart talt opp kor mange eple som hadde utvikla ròte ved flytting til romtemperatur og etter 14 dagar. Soppane som var årsak til ròten vart identifisert.

Resultat

Etter lagringa var det sikker skilnad i ròteutvikling på eple frå trea sprøyta med kombinasjon av Delan WG og Signum etter 1.juli sammenligna med usprøyta eple, men ikkje dersom det berre var sprøyta med kalsium-preparat (Figur 1). Hovuddelen av ròten var kjølelagersopp og flekkar som likna på det, men som ikkje var utvikla nok til å vera sikker.

Figur 1 MED ATS
Figur 1. Total ròte (%) og eple som hadde ròteflekkar med kjølelagersopp, bitterròte eller liknande på eple frå tre med ulike strategiar for sprøyting før hausting i 2025 av sorten ‘Raud Aroma’ der kjemisk tynning vart utført i bløminga.

Diskusjon og konklusjon

Epla hausta til forsøket var meir mogne enn tilrådd ved at stivenedbryting var kome for langt og at fastleiken, som var 6.1 kg/cm2 i gjennomsnitt var på nedre grensa i det tilrådde intervallet ved hausting (6-7kg/cm2). Kombinasjonen av godt mogne eple, høg temperatur og mykje nedbør i perioden frå 1.juli til hausting gav mykje roteutvikling under lagring. Likevel gav bruk av kjemiske tiltak etter 1.juli ein klar reduksjon i ròteutviklinga. Både Delan WG og Signum har førebyggjande verknad mot soppane som gjev kjølelagersopp og bitterròte, og må brukast i førekant av moglege periodar der det kan skje nye infeksjonar av ròtesoppar.

Bilde2

Forbereder din PDF

Dette kan ta noen øyeblikk.

0%