Utprøvinga er ein del av prosjektet Smartfrukt som er eigd av Gartnerhallen.
Det vart denne sesongen gjort to forsøk i ‘Aroma’ der forskjellen var dyrkar si tynningssprøyting og kor mange preparat som vart brukt mot lagersopp. I dette forsøket er det ikkje utført tynning (verken kjemisk eller håndtynning) av epla, berre samanlikna kjemiske tiltak mot lagringssopp etter 1.juli eller ikkje.
Forsøksplan
Forsøket ble anlagt som et randomisert blokkforsøk med fire gjentak. Det ble brukt Hardi trillebårsprøyte, og sprøyta til avrenning. Sprøytetrykket var 6 bar.
- Sprøyterute: 6 tre, med eit usprøyta tre før og etter i rekkja
- Hausterute: 6 tre
- Totalt 48 tre i forsøket
Sprøytetidspunkt:
- ca. 8 veker før hausting – 28. juli
- ca. 5 veker før hausting – 11. august
- 14 dagar før forventa hausting – 6. september
Behandling | Preparat | v.s. i preparatet | Preparatmengde pr. 100 liter normalvæske-mengde | Preparat-mengde pr. beh. (til 30 liter væske) |
1.Usprøyta | ||||
4. Spr.tid 1: Kalsium F. + Delan Spr. tid 2: Kalsium F. + Delan Spr. tid 3: Kalsium F + Signum | Calcium propionat, ditianon pyraclostrobin og boscalid | 260g/l 700g/kg 67g/l og 267g/l | 360 ml 67 g 50 g | 120 ml 20 g 17 g |
Feltet er elles sprøytt med sopp- (fram til 1. juli) og skadedyrmiddel som vanleg av feltvert.
Registreringar før hausting
Det er valt ut tre med jamn avling og gitt ein karakter på feltet ved hausting (1-9, der 9 er 100% av potensialet til trea). Trea hadde i gjennomsnitt 4,81 i avling og det var ikkje skilnad mellom rutene. Det var registrert eplenedfall alt i august og 44 % av trea i forsøket hadde nedfall under seg. Det var også ein liten andel av trea som var så topptunge at toppen var i fare for å brekke, samt at det var enkelttre med skadde eple etter eit bladlusangrep som var bekjempa tidlegare på sommaren.


Registreringar ved hausting
Det er plukka og analysert to prøver av 10 eple for haustetidsvurdering der grunnfarge, dekkfarge, stive, fastleik og refraktometerverdi inngår i analysen.
Forsøkshausting
Det vart hausta 100 eple frå kvar rute av jamn mogningsgrad den 16. september. Epla har konsumkvalitet og er hausta rett i brett i IFCO 6416. Forsøksepla vart nedkjølt og sendt med transport til NIBIO Ullensvang. Epla blei lagra ved 4 °C til 24. november og vidare 14 dagar ved 20 °C. Det vart talt opp kor mange eple som hadde utvikla ròte ved flytting til romtemperatur og etter 14 dagar. Soppane som var årsak til ròten vart identifisert.
Resultat
Etter lagringa var det statistisk sikker reduksjon i ròteutvikling på eple frå trea sprøyta med kombinasjon av Delan WG, Signum og kalsium etter 1.juli i høve til ingen tiltak i den perioden (Figur 1). Hovuddelen av ròten var kjølelagersopp og flekkar som likna på det, men som ikkje var utvikla nok til å vera sikker.
Diskusjon og konklusjon
Epla hausta til forsøket var meir mogne enn tilrådd ved at stivenedbryting var kome for langt og at fastleiken, som var 6.1 kg/cm2 i gjennomsnitt var på nedre grensa i det tilrådde intervallet ved hausting (6-7kg/cm2). Kombinasjonen av godt mogne eple, høg temperatur og mykje nedbør i perioden frå 1.juli til hausting gav mykje roteutvikling under lagring. Likevel gav bruk av kjemiske tiltak etter 1.juli ein klar reduksjon i ròteutviklinga. Både Delan WG og Signum har førebyggjande verknad mot soppane som gjev kjølelagersopp og bitterròte, og må brukast i førekant av moglege periodar der det kan skje nye infeksjonar av ròtesoppar.






