Prosjektet er eigd av Gartnerhallen og har fått støtte frå Norges Forskningsråd sine forskningsmidler for jordbruk og matindustri (FFL/JA).

Tynningsforsøk 2024

Det er talt blomeknoppar på våren i 2024 og 2025, for å finne samanhengar med tynningsstrategien som vart gjort året før.

Tynningsforsøk ‘Fryd’ 2025

Det er anlagt eit tynningsforsøk i ei tre år gamal ‘Fryd’-planting for utprøving av ATS-sprøyting under blomstring. ATS-sprøytinga er gjort av dyrkar på det tidspunktet dyrkar meinte det var rett. Det er vidare handtynna i to nivå og samanlikna med epletre utan tynning i det heile.

Registreringar

  1. Tid brukt ved handtynning (gjennomsnitt, min/tre) utført av 1 person.
  2. Tid brukt ved hausting (gjennomsnitt, min/tre) utført av 1 person. Haust heile gjentaket og dele tidsbruken på tal tre.
  3. Avlingsregistrering: tal eple og kg per tre. Gjennomsnittleg vekt per eple.
  4. Vel ut 100 tilfeldige eple frå kvar behandling og sorter dei i størrelsesorden 5 mm, dvs 300 eple totalt.
  5. Ta eit tilfeldig tre i kvar behandling og haust alle fruktene. Desse fruktene er pakka i IFCO og sendt til NIBIO Ullensvang for haustetidsparameter-måling.

Handtynning

Tynninga er utført av to delvis øvde personar. Trea er tynna frå ei side og i høgda med stige. Det er fjerna alle epla med rød eplebladlusskade og de verste haglskade epla. De største epla er satt igjen om en kan velje kartstørrelse. Det er tatt tid på kvart enkelt tre. Den same personen har tynna alle trea.

Avlingsregistrering

Det vart gått gjennom heile feltet i august for å gradere avlingsbelastinga på kvart tre. Avlingsnivået vart bedømt til å være 3,85 i snitt i ein skala 1-9. Dette er for lågt. Det var den 20. august starta med eplenedfall i feltet, og ca 10 % av trea hadde nedfallseple på det tidspunktet. Enkelte utynna tre var det for stor avlingsbelasting i delar av trea, spesielt i toppen.

Bilde 1 1
Bilde 1. Forsøksfelt i ‘Fryd’. Foto: Gaute Myren

Hausting

Det vart hausta eit tre om gangen. Kvart tre vart hausta av to delvis erfarne plukkarar og det vart tatt tid på arbeidsoppgåva på kvart tre. Deretter vart avlinga vegd og talt antall eple for kvart av trea. I kvart av gjentaka vart eit av trea sine eple størrelsessortert i 5 mm intervall. Resultatet frå sorteringa var det ingen forskjellar mellom behandlingane og er ikkje vist her.

Tabellen viser dei seks forskjellege tynningstrategiane i ‘Fryd’.

Antall epler

Antall kg

Fruktvekt i gram

Uten kjemisk tynning

Kontroll

36

7.5

210

Middels avlingsnivå

25

5.4

216

Høgt avlingsnivå

21

4.8

231

ATS

Kontroll ubehandla

57

10.6

186

Middels avlingsnivå

30

6.9

228

Høgt avlingsnivå

33

7.6

231

Bilde 2 1
Bilde 2. Hausting av ATS-sprøyta del av feltet. Foto: Gaute Myren

Diskusjon

Det var ingen avlingsforskjellar for behandlingane. Sprøyta kontroll har nær dobbelt så stor avling som den usprøyta kontrollen, og ein forventar at det er omvendt. Det skuldast nok at blomstertalet var lågt, slik at trea uansett greidde å bære fram ei brukbar avling, men at trea ikkje har vore like nok ved utval til forsøket. Enkelte tre var det for tung og tett avling, spesielt i toppane av trea. Det medførte eplenedfall, samt ei for stor avlingsbelasting i hovedstamma til trea.

Konklusjon

Det var liten effekt av å tynne kjemisk med ATS i dette forsøket i ‘Fryd’.