Prosjektet er eigd av Gartnerhallen og har fått støtte frå Norges Forskningsråd sine forskningsmidler for jordbruk og matindustri (FFL/JA).
Resultata under er utarbeida av Darius Kviklys i NIBIO og fornorska av NLR.
Tynningsforsøk 2024
Det er talt blomeknoppar på våren i 2024 og 2025, for å finne samanhengar med tynningsstrategien som vart gjort året før.

Tynningsforsøk Raud ‘Aroma’ 2025
Det er anlagt eit tynningsforsøk i ei fem år gamal ‘Aroma’-planting for utprøving av ATS-sprøyting (kjemisk tynning) under blomstring. ATS-sprøytinga er gjort av dyrkar på det tidspunktet dyrkar meinte det var rett. Det er vidare handtynna i to nivå og samanlikna med utan tynning i det heile.
Forsøksfelt
Forsøksfeltet er et femårs gamalt felt med sorten ‘Aroma’ som er godt stelt og det er god trehelse. Dyrkar har satt igjen kontrollfelt som ikkje er kjemisk tynna. I begge felta er det utvalde tre som har lik vekst og avlingsnivå. Utval vart gjort før juli-kartfallet. Raud eplebladlus har blitt bekjempa, men så seint at det er endel småkart med luseskade.
Tabell 1: Forsøksplan. Blokkforsøk med to blokker med 5 tre i kvar behandling, tilsaman 10 tre for kvar av tynningstrategiane.
Behandling | Forklaring | Tidspunkt |
Kontroll | Utan tynning | - |
Handtynning to nivå | Manuelt arbeid | 9. juli |
ATS | Kjemisk tynning i open blom (1500 g/daa) | 12. mai |
Registreringar
- Tid brukt ved håndtynning (gjennomsnitt, min/tre) utført av 1 person.
- Tid brukt ved hausting (gjennomsnitt, min/tre) utført av 1 person. Haust heile gjentaket og dele tidsbruken på antall tre.
- Avlingsregistrering: antall eple og kg per tre. Gjennomsnittleg vekt per eple.
- Velg ut 100 tilfeldige eple frå kvar behandling og sorter dei i størrelsesorden 5 mm, dvs 300 epler totalt.
- Ta eit tilfeldig tre i kvar behandling og haust alle fruktene. Desse fruktene er pakka i IFCO og sendt til NIBIO Ullensvang for haustetidsparametermåling.
Handtynning
Tynninga er utført av to delvis øvde personar. Trea er tynna frå ei side og i høgda med stige. Den same personen har tynna alle trea. Det vart forsøkt å tynne ned til avlingsnivå som i forsøksplanen, men det var ikkje alltid like enkelt i Aroma-sorten som har kort stilk. Enkelte gonger blir det overtynning og andre gonger blir det sett igjen for mykje av tynningspersonalet. De minste eplekarta er sett igjen om en kan velgje kartstorleik. Det er fjerna alle epla med raud eplebladlusskade.

Tabellen viser tidsforbruk ved tynning og hausting. Tidsforbruket er total tid pr tre. Det er så multiplisert med 286 tre pr daa for å finne tidsforbruket pr daa.
| Tynning sek. pr tre | Timar pr daa | Hausting sek. pr tre | Timer pr daa |
Utynna kjemisk | ||||
Kontroll | N/A | N/A | 53 | 4,2 |
Middels avling | 98,2 | 7,2 | 38 | 3,0 |
Høg avling | 76,6 | 5,6 | 41 | 3,3 |
|
|
|
|
|
ATS |
|
|
|
|
Kontroll | N/A | N/A | 34 | 2,7 |
Middels avling | 71,7 | 5,7 | 30 | 2,4 |
Høg avling | 85,2 | 6,8 | 37 | 2,9 |

Avlingsregistrering
Det vart gått gjennom heile feltet i august for å gradere avlingsbelastinga på kvart tre. 20. august var det alt eplenedfall i feltet og på ca 25 % av trea var det registeret nedfall. Det var også eit tre som hadde for stor avlingsbelasting i toppen og eit tre hadde eit kraftig kreftsår i hovedstamma. Gjennomsnittleg avlingsnivå var 4,22 på ein skala 1-9. Det er litt lågare avlingsnivå enn det ein bør ha. Det var enkelttre som hadde lita avling som trakk snittet ned. Desse trea var jamt fordelt i alle behandlingane.
Hausting
Det vart hausta eit tre om gangen. Kvart tre vart hausta av to delvis erfarne plukkarar og det vart tatt tid på arbeidsoppgåva på kvart tre. Deretter vart avlinga vegd og talt antall eple for kvart av trea. I kvart av gjentaka vart eit av trea sine eple størrelsessortert i 5 mm intervall.
Tabellen viser hausta avling i tynningsforsøket, antall eple, antall kg og snittvekt pr eple.
Antall epler | Antall kg | Snittvekt pr eple, gram | |
Utynna kjemisk | |||
Kontroll | 60 | 8.2 | 137 |
Middels avling | 41 | 6.6 | 160 |
Høg avling | 48 | 6.7 | 140 |
ATS | |||
Kontroll | 33 | 5.8 | 175 |
Middels avling | 30 | 5.4 | 181 |
Høg avling | 42 | 6.9 | 164 |
Avling 5 kg/tre = 1430 kg/daa, 6 kg/tre=2288 kg/daa
Diskusjon
Det planlagde avlingsnivåa skulle være 90-100 frukter/tre i høg avling og 70-90 frukter/tre i medium avlingsnivå, men det vart ikkje oppnådd i feltet. Kontrollen hadde heller ikkje så mange frukter. Det er for få frukter og for låg avling til at det kan konkluderast om kvar tynningsstrategi som er best.
ATS kan sjå ut til å ha god tynningseffekt, sidan det er ca 50% så mange frukter som i utynna felt. Dette kan også skuldast av potensialet i feltet hadde ein forskjell i antall frukter i feltet i utgangspunktet. ATS har positiv effekt på fruktstørrelsen, men det kan også forklarast med færre frukter etter bruk av ATS-sprøyting.
Tidsforbruket for tynning er 5-7 timar pr daa i dette feltet. Det er ingen samanheng mellom behandlinga og tidsforbruket, som kan forklarast med at det i utgangspunktet var forskjelleg avlingsnivå på trea. Haustetida vil også variere med avling, og det går kortare tid å hauste trea som er sprøyta med ATS, sidan det er færre frukter som skal haustast.
Konklusjon
Tynningsforsøk har mange variablar som ein ikkje har kontroll på. Det er ein tendens til at ATS er positiv for auka salbar avling, men det er ikkje klare svar i dette forsøket.



