Prosjektet er eigd av Gartnerhallen og har fått støtte frå Norges Forskningsråd gjennom forskningsmidler for jordbruk og matindustri (FFL/JA).

Det er anlagt eit tynningsforsøk i ei seks år gamal ‘Eden’-planting. Det er handtynna på tre ulike avlingsnivå og samanlikna med epletre utan tynning.

Registreringar

  1. Tid brukt ved handtynning (gjennomsnitt, min/tre) utført av ein person
  2. Tid brukt ved hausting (gjennomsnitt, min/tre) utført av ein person. Heile gjentaket vart hausta og tidsbruken fordelt per tre.
  3. Avlingsregistrering: antall eple og kg per tre. Gjennomsnittleg vekt per eple.
  4. Vel ut 100 tilfeldige eple frå kvar behandling og sorter dei i størrelsesorden 5 mm, dvs 400 eple totalt.
  5. Ta eit tilfeldig tre i kvar behandling og haust alle fruktene. Desse fruktene er pakka i IFCO-kasser og sendt til NIBIO Ullensvang for måling av haustetidsparameter.

Handtynning

Tynninga er utført av to delvis øvde personar. Trea er tynna frå ei side og i høgda ved hjelp av stige. Det er fjerna alle epla med skade frå rød eplebladlus. Kartestorleiken var kring 45-50 mm, men den lange stilken gjer det greitt å handtynne. Det er tatt tid på kvart enkelt tre. Den same personen tynna alle trea.

Avlingsregistrering

I august vart heile feltet gjennomgått for å gradere avlingsbelastinga på kvart tre. Avlingsnivået vart bedømt til å være 5,3 i snitt på ein skala frå 1 til 9, noko som er eit greitt nivå. Det var tendensar til at utynna tre hadde små og dårleg utvikla eple, medan det var utsikter til for store eple i dei hardast tynna trea. Ved middels tynningsnivå var ein nærmast idealet for høgast konsumavling.

Hausting

Det vart hausta eit tre om gangen av to delvis erfarne plukkarar. Tid pr tre vart registrert, men gav liten info til at den kan brukast vidare. Deretter vart avlinga vegd og antal eple talt for kvart av trea. I kvart gjentak vart eit av trea sine eple størrelses-sortert i 5 mm intervall.

Tabellen viser hausta avling i tynningsforsøket.

Antall epler

Antall kg

Snittvekt pr eple i gram

Kontroll

150

16.8

112

Lågt avlingsnivå (0,5 pr klase)

54

8.2

150

Middels avlingsnivå (0,7 pr klase

72

10.1

139

Høgt avlingsnivå (1 pr klase)

66

9.3

141

Bilde 1 1
Hausting av ‘Eden’. Foto Gaute Myren

Diskusjon

Alle nivåer av avlingsregulering reduserte antall frukter og avling per tre betydelig, og auka gjennomsnittlig fruktvekt sammenlignet med utynna kontroll. Det var ikkje funne tydelige forskjeller mellom middels og høgt tynningsnivå. Middels nivå hadde faktisk flere frukter og høgare avling enn høgt nivå.

Det var ingen tydelige forskjeller i fruktsorteringsresultater mellom behandlingene og kontrollen, bortsett frå noko fleire små frukter og lågere andel store frukter i kontrollen. Dette samsvarer imidlertid ikke med forskjellene i gjennomsnittlig fruktvekt, som var klart lavere i kontrollbehandlingen.

Konklusjon

Handtynning for å få rett fruktbelasting er viktig i ‘Eden’. Dette forsøket gjer ikkje eit eintydig svar på kva nivå ein bør leggje tynninga på, men for at størst mogleg andel av avlingen skal få salsstorleik må sorten tynnast.