ostlandet
Frukt og bær ·

Smartfrukt #5: tynning av ‘Fryd’ 2025

SmartFrukt er eit fireårig prosjekt med formål om å gi et kunnskaps- og motivasjonsløft for heile fruktnæringa. Prosjektet er inne i sitt tredje år, der tynning og optimal avling er undersøkt. Det var lite målbare effektar av ATS-sprøyting i dette forsøket i ‘Fryd’.

Gaute Myren 2024

Gaute Myren

Avdelingsleder/Rådgiver

Prosjektet er eigd av Gartnerhallen og har fått støtte frå Norges Forskningsråd sine forskningsmidler for jordbruk og matindustri (FFL/JA).

Tynningsforsøk 2024

Det er talt blomeknoppar på våren i 2024 og 2025, for å finne samanhengar med tynningsstrategien som vart gjort året før.

Tynningsforsøk ‘Fryd’ 2025

Det er anlagt eit tynningsforsøk i ei tre år gamal ‘Fryd’-planting for utprøving av ATS-sprøyting under blomstring. ATS-sprøytinga er gjort av dyrkar på det tidspunktet dyrkar meinte det var rett. Det er vidare handtynna i to nivå og samanlikna med epletre utan tynning i det heile.

Feltvert

Feltvert: Knut Eilert Sørnes, Lier

Sort/planteår: ‘Fryd’, 2022

Tynningsbehandlinger: Kjemisk tynning (ATS utført av dyrkar) og kontroll

Registeringsrute: 5 tre, 2 gjentak

Håndtynning, tre avlingsnivå:

Høgt: 1 kart per klase

Middels: 1 kart per hver andre klase, dvs 0,5 kart per klase

Kontroll: Ingen håndtynning

Totalt antall tre: 2 behandlingar x 5 tre x 3 avlingsnivå x 2 gjentak = 60 tre

Forsøksfelt

Forsøksfelt

Forsøksfeltet er tredjeårs ‘Fryd’-felt som er godt stelt og det er god trehelse. Dyrkar har satt igjen kontrollfelt som ikkje er kjemisk tynna. I begge felta er det utvalde tre som har lik vekst og avlingsnivå. Utval vart gjort før juli-kartfallet. Det var småskader av haglskade i feltet. Raud eplebladlus har blitt bekjempa, men så seint at det er eindel kart med luseskade.

Tabell 1. Forsøksplan. Blokkforsøk med to blokker med fem tre i kvar behandling, tilsaman 10 tre for kvar av tynningsstrategiane.

Behandling

Forklaring

Tidspunkt

Kontroll

Utan tynning

-

Handtynning to nivå

Manuelt arbeid

9. juli

ATS

Kjemisk tynning i open blom (1500 g/daa)

12. mai

Registreringar

  1. Tid brukt ved handtynning (gjennomsnitt, min/tre) utført av 1 person.
  2. Tid brukt ved hausting (gjennomsnitt, min/tre) utført av 1 person. Haust heile gjentaket og dele tidsbruken på tal tre.
  3. Avlingsregistrering: tal eple og kg per tre. Gjennomsnittleg vekt per eple.
  4. Vel ut 100 tilfeldige eple frå kvar behandling og sorter dei i størrelsesorden 5 mm, dvs 300 eple totalt.
  5. Ta eit tilfeldig tre i kvar behandling og haust alle fruktene. Desse fruktene er pakka i IFCO og sendt til NIBIO Ullensvang for haustetidsparameter-måling.

Handtynning

Tynninga er utført av to delvis øvde personar. Trea er tynna frå ei side og i høgda med stige. Det er fjerna alle epla med rød eplebladlusskade og de verste haglskade epla. De største epla er satt igjen om en kan velje kartstørrelse. Det er tatt tid på kvart enkelt tre. Den same personen har tynna alle trea.

Avlingsregistrering

Det vart gått gjennom heile feltet i august for å gradere avlingsbelastinga på kvart tre. Avlingsnivået vart bedømt til å være 3,85 i snitt i ein skala 1-9. Dette er for lågt. Det var den 20. august starta med eplenedfall i feltet, og ca 10 % av trea hadde nedfallseple på det tidspunktet. Enkelte utynna tre var det for stor avlingsbelasting i delar av trea, spesielt i toppen.

Bilde 1 1

Hausting

Det vart hausta eit tre om gangen. Kvart tre vart hausta av to delvis erfarne plukkarar og det vart tatt tid på arbeidsoppgåva på kvart tre. Deretter vart avlinga vegd og talt antall eple for kvart av trea. I kvart av gjentaka vart eit av trea sine eple størrelsessortert i 5 mm intervall. Resultatet frå sorteringa var det ingen forskjellar mellom behandlingane og er ikkje vist her.

Tabellen viser dei seks forskjellege tynningstrategiane i ‘Fryd’.

Antall epler

Antall kg

Fruktvekt i gram

Uten kjemisk tynning

Kontroll

36

7.5

210

Middels avlingsnivå

25

5.4

216

Høgt avlingsnivå

21

4.8

231

ATS

Kontroll ubehandla

57

10.6

186

Middels avlingsnivå

30

6.9

228

Høgt avlingsnivå

33

7.6

231

Bilde 2 1

Diskusjon

Det var ingen avlingsforskjellar for behandlingane. Sprøyta kontroll har nær dobbelt så stor avling som den usprøyta kontrollen, og ein forventar at det er omvendt. Det skuldast nok at blomstertalet var lågt, slik at trea uansett greidde å bære fram ei brukbar avling, men at trea ikkje har vore like nok ved utval til forsøket. Enkelte tre var det for tung og tett avling, spesielt i toppane av trea. Det medførte eplenedfall, samt ei for stor avlingsbelasting i hovedstamma til trea.

Konklusjon

Det var liten effekt av å tynne kjemisk med ATS i dette forsøket i ‘Fryd’.

Forbereder din PDF

Dette kan ta noen øyeblikk.

0%