Utprøvinga er ein del av prosjektet Smartfrukt som er eigd av Gartnerhallen.

Det vart denne sesongen gjort to forsøk i ‘Raud Aroma’ der forskjellen var dyrkar si tynningssprøyting og kor mange preparat som vart brukt mot lagersopp. I dette forsøket er det tynna kjemisk i blomstringa og prøvt fleire strategiar mot lagersopp i tida etter 1.juli og fram til hausting.

Forsøksplan

Forsøket ble anlagt som eit randomisert blokkforsøk med fire gjentak. Det ble brukt Hardi trillebårsprøyte, og sprøyta til avrenning. Sprøytetrykket var 6 bar.

  • Sprøyterute: 6 tre, med eit usprøyta tre før og etter i rekkja
  • Hausterute: 6 tre
  • Totalt 96 tre i forsøket

Sprøytetidspunkt:

  1. ca. 8 veker før hausting – 28. juli
  2. ca. 5 veker før hausting – 11. august
  3. 14 dagar før forventa hausting – 6. september

Behandling

Preparat

v.s. i preparatet

Preparatmengde pr.

100 liter normalvæske-mengde

Preparat-mengde pr.

beh. (til 30 liter væske)

1.Usprøyta

2. 3x Kalsium Forte

Calcium propionat

260 g/l

360 ml

120 ml

3. 2x Delan og

1x Signum

Ditianon

pyraclostrobin og boscalid

700g/kg

67g/l og 267g/l

67g

50 g

20 g

17 g

4. Spr.tid 1:

Kalsium F + Delan

Spr. tid 2: Kalsium F. + Delan

Spr. tid 3: Kalsium F + Signum

Calcium propionat,

ditianon

pyraclostrobin og boscalid

260g/l

700g/kg

67g/l og 267g/l

360 ml

67 g

50 g

120 ml

20 g

17 g


Feltet er elles sprøytt med sopp (fram til 1. juli) og skadedyrmiddel som vanleg av feltvert.

Bilde 1
Bilde 1: Raud Eplebladlus kan gjere stor skade i eple. I dette forsøksfeltet var bekjempinga gjort litt for seint og det vart enkelttre med skade. Foto: Gaute Myren

Registreringar før hausting

Det er valt ut tre med jamn avling og gitt ein karakter på feltet ved hausting (1-9, der 9 er 100% av potensialet til trea). Trea hadde i gjennomsnitt 4,95 i avlingsbedømming og det var ikkje skilnad mellom dei ulike behandlingane. Det var notert eplenedfall allereie i august og 54 % av trea hadde nedfall under seg. Samt at enkelttre hadde mykje skadesymptom frå eit bladlusangrep som var bekjempa tidlegare på sommaren.

Forsøkshausting og lagring

Det vart hausta 100 eple frå kvar rute av jamn mogningsgrad den 16. september. Epla hadde konsumkvalitet og vart hausta rett i brett i IFCO 6416. Forsøksepla vart kjølt ned og sendt med transport til NIBIO Ullensvang. Epla blei lagra ved 4 °C til 24. november og vidare 14 dagar ved 20 °C. Det vart talt opp kor mange eple som hadde utvikla ròte ved flytting til romtemperatur og etter 14 dagar. Soppane som var årsak til ròten vart identifisert.

Resultat

Etter lagringa var det sikker skilnad i ròteutvikling på eple frå trea sprøyta med kombinasjon av Delan WG og Signum etter 1.juli sammenligna med usprøyta eple, men ikkje dersom det berre var sprøyta med kalsium-preparat (Figur 1). Hovuddelen av ròten var kjølelagersopp og flekkar som likna på det, men som ikkje var utvikla nok til å vera sikker.

Diskusjon og konklusjon

Epla hausta til forsøket var meir mogne enn tilrådd ved at stivenedbryting var kome for langt og at fastleiken, som var 6.1 kg/cm2 i gjennomsnitt var på nedre grensa i det tilrådde intervallet ved hausting (6-7kg/cm2). Kombinasjonen av godt mogne eple, høg temperatur og mykje nedbør i perioden frå 1.juli til hausting gav mykje roteutvikling under lagring. Likevel gav bruk av kjemiske tiltak etter 1.juli ein klar reduksjon i ròteutviklinga. Både Delan WG og Signum har førebyggjande verknad mot soppane som gjev kjølelagersopp og bitterròte, og må brukast i førekant av moglege periodar der det kan skje nye infeksjonar av ròtesoppar.

Bilde2
Bilde 2: Forsøkshaustinga var gjort litt for seint i den svært raske modninga av epla i 2025. Mykje avling var overmoden og ramla av trea. Foto: Gaute Myren