Mange vest på Vigra har dei siste to vekene sett desse store langhåra, raske åmene. Håra er svarte med kvite spissar. På undersida er åmene gulbrune. På solvarm asfalt kryp dei raskt, meir enn to meter i minuttet! Det er raskt til åme å vere.

Etter kontakt med fagfolk har vi funne ut at dette er åmer frå ein sommarfugl, Brun Bjørnespinnar.

Dei vaksne, flygande sommarfuglane har skarpe mønster. Dei inneheld giftstoff. Desse to eigenskapane er eit vern mot fiendar.

Kvifor er det så mange av dei i år? Truleg har dei blitt ført til Vigra av vindar frå sør i fjor sommar. Deretter har dei lagt mange egg, og små larvar har overvintra. Milde vintrar er ein fordel. Om våren veks larvane raskt. Kring midten av juni lagar dei seg pupper, der dei kviler nokre veker, medan dei blir omforma til vaksne sommarfuglar. Desse flyg i juli og august.

Larvane beitar på mange ulike plantar, både tre og urter. På Vigra har hundekjeks, løvetann-blomst og skogstorkenebb vore ettertrakta. Larven er ikkje rekna som alvorleg skadegjerar i hagar eller i landbruket,

Brun Bjørnespinnar er funnen i Noreg nord til Tromsø. Han er ikkje vanleg i høgfjellet. I England har larven namnet «Wolly Bear», den vaksne «Garden Tiger»

IMG 5025