Horna på storfe kan gjera dyra vakre og staselege, for nokre rasar er dei ein del av særpreget. Samstundes kan horna dyr vere lunefulle og bruka dei på utspekulert vis mot flokkmedlemmer eller i verste fall folk. No nærmar det seg ein ny kalvingssesong for dei med haustkalving, og ei påminning om avhorning av kalv er aktuelt.

Avhorning må skje innan kalven er 6 veker gamal. Er du lei av å avhorna er oksar med kolla genetikk eit godt alternativ. Har kalven blitt eldre enn seks veker må du søkja Mattilsynet om dispensasjon for å få avhorna.

Frå eit HMS-perspektiv er avhorning til rett tid viktig å gjera.

  • Horn er farlege dersom kyrne angrip eller blir aggressive mot folk
  • Horna kan setja seg fast i tre eller grinder ute på beite eller inne i fjøs
  • I flokken kan kyrne stikka andre dyr og gje stygge skadar, særskilt ved innslepp av nye dyr.
  • I alle situasjonar med flytting av dyr og handtering utgjer horna ein ekstra risiko.

Ytst på hornet går det an å skru på hornkuler for å unngå at kyrne kan bruka spissen til å stikka med.

Frå 1. august 2024 vil ikkje Nortura ta imot storfe med lange horn til slakt. Årsaka til stopp i slakt av dyr med horn er av omsyn til sjåførane som skal lasta av og på dyr på bil, der dei har fått alvorlege skadar som følgje av horn. Fram til denne datoen vil dei med lange horn få eit trekk på 1000 kr på slakteoppgjeret. Fatland har ikkje skrive noko om det same, men opplyser i livdyrsalskrivet sitt at dei ikkje vil omsetta dyr med horn med mindre det er kjent for kjøpar.

Lange horn blir definert som at spissane på hornsettet er breiare enn bogen på dyret. Dyr med smalare horn enn bog er ikkje påverka.

Til dykk historieinteresserte:

I norrøn mytologi er kua Audhumbla det opphavelege dyret.
BLH Horn