I 2020 samarbeidde NORSØK og Landbruk Nordvest om prosjektet GodKarbon. Her undersøkte vi jorda på åtte kornbruk i Surnadal med og utan eng i vekstskiftet. Halvparten hadde einsidig korndyrking og halvparten eng i vekstskiftet. Formålet var å sjå korleis vekstskifte påverka karbonlagring og jordeigenskapar. No invitererer vi til markdag på to av bruka for å dele resultat og grave i jorda. I tillegg ser vi på eit demonstrasjonsfelt med fangvekstar med ulike fangvekstblandingar sådd til ulike tidar gjennom vekstsesongen 2021.

Markdagen er mest aktuell for den som driv med korn, men alle interesserte er velkomne!

Program:

  • Korleis sjølv følgje med på utviklinga i jorda (jordstruktur, rotutvikling osv.) v/Sissel Hansen, NORSØK
  • Resultat frå prosjektet GodKarbon v/Sissel Hansen, NORSØK
    • Effekt av eng og husdyrgjødsel på ulike eigenskapar i Surnadalsjorda
    • Kva påverkar moldinnhold?
    • Samanheng mellom moldinnhold og dyrkingseigenskaper
  • Resultat frå fangvekstfelt v/Frode Grønmyr, Landbruk Nordvest
  • Korleis auke moldinnhald og forbetre jordas eigenskapar i Surnadal? v/Frode Grønmyr, Landbruk Nordvest

På markdagen får du m.a. lære meir om eigenskapane til Surnadalsjorda, kva har bruk av husdyrgjødsel og vekstskifte å seie, korleis kan du følgje med på eiga jord, og vi diskuterer aktuelle tiltak for å betre jordeigenskapane.

Enkel servering.


Vel møtt!