Kurset består av fem kurskveldar, og går kvar tysdag frå 10. februar til 17. mars, bortsett frå 24. februar. Fruktrådgjevarane i region Vest byter på å halde kurset.

Kurset går på Teams. Tidspunktet vil vere kl. 19.00-21.00.

Kursplan:

Dag 1 – 10. februar

Introduksjon, presentasjon av deltakarane, årshjul for fruktdyrking, arbeidstoppar, økonomi, forventningar til lønnsemd

Sortsval, plantebestilling, behov for arbeidshjelp, utstyrsbehov, kursbehov

Dag 2 - 17. februar

Val av felt, plassering, førebuing av arealet ( brakke, drenere, jamne ut, osb), kalking, gjødsling, plantearbeidet

Stell i planteåret + år 2+ 3

Haustetidsprøvar, kvalitetskrav, hausteteknikk, behov for arbeidskraft

Dag 3 – 03. mars

Skjering - grunnleggjande om trea, forming, reaksjonar i treet. Tynning - Behov for tynning, håndtynning, kjemisk tynning

Dag 4 - 10. mars

Grunnleggande om skadesymptom i frukthagen, plantevern og næringsmanglar

Dag 5 - 17. mars

Grunnleggande om sprøyteteknikk, val av utstyr, rett innstilling, dekningsgrad, osb.

Påmeldingfrist 9.februar. Klikk på linken her for å melde deg på.

Har du spørsmål kan du kontakte Irèn Lunde Sekse; Iren.lunde.sekse@nlr.no; 94498112