Velkommen til regionalt kurs for fjellbønder
Oppstartsmøte måndag 9. mars kl. 18.00 på Meråker rådhus, Møterom Feren i 2. etg.
Kursansvarleg: Marit Isabel Arnstad, marit.arnstad@nlr.no
Program
1. samling: Ny fjellbonde
- Kva særpregar fjellandbruket? v/ Nasjonalt senter for fjellandbruk.
- Ordningar ein må forhalde seg til som ny bonde v/ Landbrukskontoret og NLR-rådgivar
- Økonomi på garden v/ økonomirådgivar
- Informasjon om landbruksutdanning og kartlegging av interessene og produksjonane til deltakarane.
Det blir hyggelig matpause med god mat.
2. samling: Planar for utvikling av garden – felles webinar veke 12 på kveldstid
- Investeringsordningar og bruksutbygging, alt frå enkle utbetringar av eksisterande fjøs til nybygging v/ Innovasjon Norge og Eini Sevaldsen Linn, byggrådgivar NLR.
- Planlegging av vekstsesongen. Fôrproduksjon etter bestilling frå husdyra på garden. v/ Jenny Heggvold, grovfôrrådgivarNLR.
3. samling: Gardsbesøk med markvandring, veke 24/25
- Presentasjon av drifta på garden.
- Kunnskap om artar og sortar.
- Vurdering av slåttetid og ønska fôrkvalitet.
- Undersøking av jordhelsa.
4. samling: Deltaking på den lokale seterfagdagen
Det blir seterfagdagar i Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Nord-Østerdal, Nord-Gudbrandsdal, Valdres, Øvre Buskerud og Øvre Telemark. Dei fleste blir i august. Du kan bli med på den dagen som passar best.
5. samling: Oppsummering av vekstsesongen og fôring av dyra på garden, veke 46/47
- Korleis gjekk det med årets vekstsesong? Fôrmengde og fôrkvalitet.
- Tolking av ulike fôranalyser – gruppeoppgåve
- Fôrplanlegging og haldvurdering.
- Kan gjerne kombinerast med gardsbesøk.
Deltakaravgift: 1200 kr, halv pris for fleire deltakarar frå same familie.
Det er kommunal rabatt på kurs i Meråker og Nord-Gudbrandsdal.