NLR inviterer til fagleg påfyll for økologiske saueprodusentar i heile landet!
Holdvurdering er nyttig i alle driftsformer, og gjev eit viktig grunnlag for å vurdere om sauene får nok og riktig fôr. Metoden er rask og lite tidkrevjande, og kan enkelt gjennomførast i samband med fôrtildeling eller anna handtering av dyra. Fram mot lamming er det avgjerande å fôre både søyer og påsettlam slik at dei held riktig hold og har nok energi til fostervekst og eiga helse. Ein gjennomtenkt fôringsstrategi sikrar god mjølkeproduksjon, sterkare lam og eit betre lammingsforløp. Samtidig er god handtering av parasittar ein viktig del av førebygginga.
Møtet er gratis og er støtta av Landbruksdirektoratet gjennom øko-satsinga.
Program
- 19.30–19.55 Holdvurdering (både NKS og lettare rasar) Ove Sørestrand
- 19.55–20.20 Fôring fram mot lamming Maud Grøtta
- 20.20–20.45 Handtering av parasittar Lena Abel
- 20.45–21.00 Spørsmål, erfaringsdeling og diskusjon
