Velkommen til temadag om mjølkeforedling på Reindøl i Lesja

Saman med seterdrivar Jorid Belle-Thysell inviterer vi til temadag om mjølkestell og foredling på setra. Kva slags moglegheiter finst? Kva kan du lage og kva skal til for å foredle meir av mjølka sjølv? Talet på aktive setredrivarar har stabilisert seg. Gjennom jordbruksoppgjeret har støtta til seterdrivarane auka. Kan vi sjå for oss fleire seterdrivarar i åra som kjem?

Kvar: Reindøl, Reindølsvegen 245, Lesja

Når: Torsdag 23. juli, klokka 12:00 til 15:00

Jorid Belle-Thysell driv Nedre Reindøl saman med – mannen Anders og ungane Oline og Alfred. Setra på Reindøl er frå 2000, og i full drift frå mjølkeseter i 2017. På setra har dei 25 mjølkekyr. Det meste av produksjonen går til tankbilen, men Jorid har laga kokehus, og ho har planar om produksjon for sal.

Dagen ser slik ut:

12:00 Velkommen på tunet

12:15 Optimisme og framtid, ved seterdrivar Jorid Belle-Thysell

12:45 Produksjon – eller turisme – eller båe deler, ved tidlegare budeie May Kristin Holsethstuen

13:15 Kaffi og biteti

14:00 Seterdrift – løysinga på framtidas landbruk, ved dagleg leiar i Nasjonalt senter for fjellandbruk, Juliana Bonin

14:30 Felespel, ved Oline Belle-Thysell

15:00 Takk for i dag!

Velkommen!

Arrangørar: Gudbrandsdalsmusea, Norsk landbruksrådgiving, Nasjonalt senter for fjellandbruk og Nordistugu Belle gard.

Seterdagen blir til med økonomisk støtte frå Statsforvaltaren i Innlandet

Seterdagen i Lesja er ein av fire seterarrangement denne sommaren. Sjå kalendaren for fleire seteraktivitetar!