Kurs i gardsskala kompostering på Bøtun i Luster

11. august, kl. 15.00- 19.00
Ekrevegen 110, 6873 Marifjøra

Lagrar du fast husdyrgjødsel, fôrrestar og anna komposterbart gardsavfall i dungar? Pressar du frukt, eller produserer du grønsaker, og har ein del avfall frå produksjonen? Bli med på eit spennande kurs på Bøtun i Luster.

Dette kurset er for alle som ynskjer å lære meir om praktisk gardsskala kompostering!

OBS! For å kunne delta på dette fysiske kompostkurset, må du ha lest gjennom kompostrettleiaren.

Eksempel på kva som kan komposterast:

  • husdyrgjødsel, inkl. hestemøk
  • avfall frå grønsakproduksjonen
  • avfall frå fruktpressinga (f.eks. eple)
  • kvistar
  • fôrrestar
  • talle
  • ull
  • fiskeslam

...og mykje meir!

Målet for kurset: Kurset vil bestå av både ein teoretisk og ein meir praktisk del. Målet er at deltakarane får grunnkunnskap som gjer dei i stand til å kome godt i gang på eigen gard. Vi vil også prate om korleis komposten kan setjast opp og vendast, og ta opp og drøfte aktuelle problemstillingar.

Kurshaldar er Nathaniel (Nat) Mead, pensjonert lektor og gardsmedarbeidar i over 30 år ved Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i Aurland. Nat har over 40 års praktisk og teoretisk erfaring med gardskala kompostering og arbeider framleis med rettleiing innan dette fagfeltet.

Det blir servert kaffi/te og frukt/kjeks/kake. Ta gjerne med eiga niste om du ønskjer det.

Spørsmål? Ta kontakt med Lena Abel, +4746236855, lena.abel@nlr.no

Nat kompost
Nat- over 40 års erfaring med gardskompostering, både i praksis og teori, og aktiv rettleiar i dag. (c) Lena Abel