Korleis kan vi handtere høymole utan kjemiske middel- og kva fortel eigentleg planten oss om jorda og drifta vår?
Vi inviterer til markdag med fokus på praktiske og alternative strategiar for handtering av høymole. Med utgangspunkt i erfaringane frå Langeset Gard ser vi nærare på korleis endringar i drift, særleg innan beiting og jordhelse, kan påverke førekomsten av høymole over tid.
Markdagen er ein del av eit samarbeidsprosjekt mellom NORSØK (Norsk senter for økologisk landbruk), Norsk Landbruksrådgiving og fleire gardsbruk over heile Noreg. I prosjektet arbeider vi med å samle erfaringar og kunnskap om ikkje-kjemiske strategiar mot høymole.
På markdagen vil vi:
- dele erfaringar frå Langeset gard
- presentere både erfaringane frå dei andre prosjektgardane og resultat frå feltregistreringar gjennomførte av NORSØK i 2025
- diskutere ulike strategiar for handtering av høymole (utan kjemiske middel)
- utforske høymole som indikatorplante – kva fortel ho oss?
- leggje til rette for erfaringsutveksling og diskusjon
Dette blir ein uformell møteplass for fagleg påfyll, refleksjon og gode samtalar i enga.
Vel møtt!
