Det blir kontrolldag på brannsløkkeapparat torsdag 26. november kl. 11:00-13:00 hos Dan Børge Saure.
Alle handsløkkeapparat i næringsverksemd skal kontrollerast årleg av kompetent, sertifisert person, sjå KSL sjekkliste HMS pkt 10.6.6. Kontrollen vert utført etter Norsk Standard (NS) 3910 og 671-3.
- NB 1! Sjekk gjerne produksjonsdatoen på apparata før du tar dei med til kontroll. Du vert fakturert for kontroll sjølv om dei ikkje vert godkjende.
- NB 2! Apparata må vere fri for skit og smuss utvendes for å kunne kontrollerast.
- NB 3! Pulverapparat og CO2 frå 2016 og skumapparat frå 2021 er for gamle og må ha service, eller bytast.
- NB 4! Nye apparat i næring skal også kontrollerast og få på merkelapp og ny plombering
- NB 5! For sløkkeapparat i hus er det krav om kontroll kvart 5. år. Når sjekka du alder på dei sist?
Prisar: Medlemspris NLR, per sløkkeapparat kr 115,- Andre 230,- per apparat

