Utfordringa med beitinga er å regulere grastilgangen og oppretthalde kvaliteten gjennom sesongen. Utover høsten kan det bli for lite gras og ein må ha tilleggsfôring, dvs. større beiteareal eller tilskot av anna grovfôr. Raigrasbeiter vil ha større gjenvekst og betre kvalitet utover høsten enn vanleg eng, men vi går ikkje nære inn på det her. I mange områder i vårt langstrakte land kan ein ikkje overvintre raigras, og vi må vurdere andre artar i eng og beiter. Grønfôr t.d. eittårig raigras til høstbeite, finn du meir om på nlr.no/sau

Beiting krev planlegging

Eng som skal brukast til høstbeite må tole denne bruken. Da må vi planlegge val av såfrø, gjødsling/ kalking, plantevern og bruken av arealet nøye. Det same som til eng gjeld sjølvsagt raigrasbeiter, som ofte blir drevet som enga. Innmarksbeiter vil ein kanskje ikkje så på nytt, slik at ein har det graset som er der. Stell og bruken av dette arealet blir viktig, for å oppnå ein høg produksjon. Ein del av desse beitene blir også gjødsla, både med husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Og det kan være aktuelt å bruke plantevernmidler her også.

Arter

For enga som vert bruka både til beiting og slått må ein velje grasartar som toler denne bruken der graset vert kutta mange gonger. De lengre omløp ein ynskjer i enga/ beite, de meir allsidige blandingar må ein ha. Ein treng artar som kan vere raske i etableringa og andre som tar over etter nokre år. Ulike jordtilhøve og ulike overvintringsforhold vil også tale for dette. Litt om dei ulike artane (Foto: Torhild S. Mjøen, Juni Solstad Karlsen og Morten Livenengen):

Engrapp:

Den mest beitetolerante og eit sjølvsagt val i eng som vert beita. Det er eit utprega beitegras som spreier seg med underjordiske stengelutløparar, og tetter derfor godt i enga. Treng 2-3 år på å etablere seg, men er varig. Tåler godt hard nedbeiting. Godt egna i eng og varige beiter. Om ein har tidleg vårbeiting vil dette fremme beitegrasa i enga.

Engrapp 2

Engsvingel:

Den med størst gjenvekstpotensial som gjev mykje høstbeite. Eit kombinert slått- og beitegras. Etablerer seg raskt, men trivst best på litt tyngre, næringsrik jord. Bør ikkje beitast lågare enn 9-10 cm.

Engsvingel 2

Timotei:

Den mest smaklege som tåler dårleg mange kuttinger som beiting fører til. Typisk slåttegras. Han etablerer seg snart, gjev store avlingar tidleg i engperioden. Varer ikkje mange åra om ein har ein kombinasjon som inkluderer beiting. Bør ikkje beitast lågare enn 9-10 cm. Dei nordnorske sortane er meire hardføre enn dei sørnorske. Med unntak av dei beste vekseplassane i Noreg vil vi anbefale dei til eng som skal beitast i tillegg til slått.

Timotei 1

Bladfaks:

Den mest tørkesterke saman med strandsvingel. Det desse også har felles er nok at dei er noko mindre smakleg. Eit areal med bladfaks bør beitast for seg, slik at dyra ikkje kan velje dette bort til fordel for ei smaksrik timoteieng ved sidan av.

Bladfaks

Kvitkløver:

Den mest tråkksterke. Spreier seg med overjordiske stengelutløparar og tåler beitetrakk og hard avbeiting godt. Trivst på dei fleste jordartar og er glad i lys. Hard nitrogengjødsling og forvokste beiter vil redusere bestanden. Kvitkløver er ei sjølvsagt plante i eit beiteareal. Kan brukast til reparasjon av arealer. Den er smakleg og proteinrik.

Kvitkløver

Rødkløver:

Stor avling og mykje protein, men har pålerot og tåler beitetrakk dårleg. Er dårleg egna i varige beiter da han vil gå ut etter få år.

Rødkløver

Hundegras:

Den tidlegaste og raskaste, men vert fort gamal. Kan vere ein aktuell art til slått og beite da den må høstast ofte. Der ein vanlegvis har to slåtter vil det høve å slå/ beite denne tre gonger. Tåler beiting og har middels kvalitet. Det høver bra å så den åleine, da den vil dominere andre artar. Dei mest hardføre sortane har greid seg i fjellbygdene godt dei siste fem åra.

Hundegras

I tillegg til desse vanlege engartane kan ein ta med Engkvein som også er i naturlege beiter. Den har god kvalitet, men er sein om våren. Den er lite kravfull, tåler beiting, er svært hardfør og varig. Rødsvingel er lik Engkvein, men er litt dårlegare på kvalitet.

Arter til innmarksbeiter vil ofte vere dei same som til eng, men gjerne med eit større innslag av engrapp, engsvingel og kvitkløver. I tillegg kan engkvein og rødsvingel vere med. Også til areal som er tenkt til langvarig eng kan ein bruke beitefrøblandingar.

Beitestell

For å ta vare på plantene vi har sådd og ønsker å ha i enga/beiter må vi ha rett gjødsling, ein god ugraskamp, kalking, drenering, beitepussing og krattknusing.

Enga må ikkje snaugnagast, den treng matpakke til vinteren. Det bør stå att 10 cm når ein avsluttar beitinga. Stubben er heller ikkje kvalitetsmat til lamma, då fôrkonsentrasjonen der er nede på 0,7-0,75 FEm pr kg ts.

Gjødsling – alt med måte

Gjødsling aukar avlinga, gjev rett mineralbalanse i graset og god overvintring. Gjødsla gras vil halde seg ferskt lenger ut over hausten og toler ei frostnatt betre enn ugjødsla. Det bør gå minimum 4 veker mellom gjødslinga og beitinga. Graset treng tid på å omdanne nitrogen til gode proteinforbindelsar. Har du mindre tid bør mengda gjødsel reduserast.

Protein i fôret er viktig for tilvekst i dyra og dette kan ein oppnå med gjødsling med nitrogen eller med kløver. For mykje protein til lam kan føre til at dei må skilje ut oveflødig nitrogen, noko som er energikrevjande og kan dermed gje dårlegare tilvekst. Om ein har lite beite og ynskjer å supplere med kraftfôr, er rådet å gje eit proteinfattig kraftfôr. Også pulpanyre kan kome av for sterk gjødsling, da overgangen frå utmarksbeite til eit sterkt gjødsla innmarksbeite kan vere utslagsgivande.

Eng og beiter som skal gjødslast til høstbeite, må gjødslast mindre enn om ein skal ta ein slått. 3-5 kg nitrogen kan høve i fjellandbruket, noko meire i lågare områder, men her skal ein ikkje overdrive. Plantetilvekst er liten på slutten av sesongen, og for at graset skal stoppe veksten og gå i god herding før vinteren, må gjødslinga ikkje vere for sterk eller for sein. Med mykje kløver bør N-gjødslinga reduserast med 4-8 kg N. Fosfor- (P) og kalium- (K) tilførselen bør alltid tilpassast etter jordprøvene.

Husdyrgjødsel på beite:

Vassblanda gjødsel kan brukast utan problem før beiting. 1-2 tonn/daa, men det bør gå minimum 3-4 veker frå spreiing til beiting. Bruk av husdyrgjødsel på beite kan fører til et redusert fôropptak, om graset vert tilgrisa.

IMG 5306 crop
Gjødsling: Gje graset på beitet tid til å omsette nitrogen til gode proteinforbindelsar. Ein treng minimum fire veker fra gjødsling til dyr kan sleppast på. Foto: Morten Livenengen

Når startar ugraskampen?

Det er alltid eit spørsmål om når er det for mykje ugras og når ein dermed skal starte med ugrasnedkjempinga. Ugras vil alltid konkurrere med graset og redusere avlinga. Planter kan vere giftige som til dømes Engsoleie (solblomster), Tyrihjelm og Rome. Vi har òg ugras som gjev smaksfeil på mjølk, som Meldestokk, Pengeurt og Gjetertaske.


Vi har noko skadetersklar som ein kan ta utgangspunkt i :

Giftige planter: 0%.
Planter som vert vraka: 0-5%.
Andre ugras: 10-25 %.


Ulike tilhøve vil auke konkuransen frå ugraset, og da er spørsmålet om kva tiltak ein kan gjer. Ulike planter vil gje oss ein indikator på kva tiltak som kan hjelpe:

Blaut jord: Vassarve, knereverumpe, sølvbunke, krypsoleie m.fl.
Sur jord: Stemorsblomst, linbendel, engkvein, småsyre m.fl.
Næringsfattig jord: Engkvein, småsyre, følblom og engmose.
Pakka jord: Tungras, tunrapp, knereverumpe.
Tidleg slått, mange slåttar, sterk beiting: Tunrapp.


Det er desse tilhøva ein må prøve å gjere noko med når ein planlegg å bruke areal til beiting:

Blaut jord = drenering
Sur jord = kalking
Næringsfattig jord = gjødsling
Pakka jord = vurdere køyring og beitetrykket på arealet (oftast er det aktivitet på ei jord som er for fuktig som er årsaka).


Kalking av eng og beiter der jordprøvene seier det er behov, er obligatorisk. Kulturplantene våre trivst ikkje i sur jord. Om desse tiltaka ikkje er nok, kan det vere at ein må inn med kjemisk ugraskamp. Det er litt skilnad på kva middel ein kan bruke om det er eng eller varig beite. Det er viktig å vete kva gras og ugras ein har når ein skal velje middel. Din NLR rådgiver kan være behjelpelig med å sette opp en plan på dette.

Beitepussing er eit viktig tiltak for nedkjempe ugras i eng eller kulturbeite der det vert beita. Beitepussinga gjer at ugras som står att etter beitinga vert slege ned og ikkje får betre start enn resten av graset. Det er stor konkurranse om lys, plass og næring/vatn, så det er viktig å halde ugraset nede.

Hoymole
Ugras: Forgår ei så lett. Det kan vere naudsynt med kjemisk ugraskamp der andre tiltak ikkje monner. Til dømes for høymole. Foto: Morten Livenengen