Mål
All jordarbeiding har som mål å laga eit godt såbed for plantene ein skal dyrka, og å få dette til med minst mulig køyring og bruk av energi.
Laglege forhold for jordarbeiding
Kva tid ein kan utpå å driva jordarbeiding vil variera både ut frå plass til plass og ifrå jordtype til jordtype. På våre kanter er det helst at jorda er for fuktig som er utfordringa, medan i enkelte leir-områder kan ein slita med at jorda vert for tørr og dermed for hard. Dei fleste driv jordarbeiding på våren. Vårt råd er å ha litt is i magen før ein startar med jordarbeiding, - om du då ikkje driv med tidlegproduksjon. Er jorda for fuktig, kan du få eit negativt resultat av jordarbeidinga.
Det er ekstra viktig at jorda er tørr nok når me går for forenkla jordarbeiding (utan pløying) Viss ikkje jorda er tørr nok her, vil resultatet bli eit tett og tilslamma jord .
På våren er det oftast andre ting ein bør prioritera å gjera tidleg, f.eks husdyrgjødsel-spreiing.

Pløying
Mange har tenkt at snart må plogen få seg ein erstattar. Men det viser seg at dei eigenskapane plogen har som jordarbeidingsreiskap ikkje har lete seg erstatta: Plogen løyser og luftar jorda og aukar luftutvekslinga , på ein måte som ingen anna reiskap gjer, i tillegg har plogen evne til å vera med å redusera ein del ugras.
Har du lite stein i jorda og lite rotugras (kveke og høymole) bør du berre pløya og ikkje brakka før pløying.. Men slit du med å få plogen til å gå optimalt vil brakking om hausten gjera at grassvoren morknar iløpet av vinteren og du ikkje får opp grøntorv etter pløying.
Rett innstilling av plogen må det brukast tid på, det vil gje gir mindre arbeid etterpå, og ikkje minst mindre bruk av energi(diesel og slitasje) . Viss du slit med rett innstilling så bør du vurdera å vera med på eit pløyekurs, viss ikkje så finns det og ein del gode videoar på you-tube som kan vera nyttig.
Me har no tilsett ein rådgjevar i presisjonslandbruk (Atle Lende) som kan gje gode råd her.
Enkelte har med godt resultat gått over til å pløya anna kvar gong ved fornying av eng, og brukar då ein forenkla metode den andre gongen. Dette handlar ofte om kapasitet til å halda oppe avlingsnivå med mindre arbeid. Skal du ha forenkla jordarbeiding må du brakka.
Pløye-djupne
Å auka pløyedjupna gir auka energikostander. Svenske forsøk viste at å auka pløyedjupna frå 17cm til 21 cm (24 %) auka effekt-behovet med 37 %. Auka pløyedjupne vil gje betre effekt mot rot-ugras men dårlegare nedbryting av organisk materiale. Har du hatt på kalk og husdyrgjødsel før pløying bør du ikkje pløya for djupt.
Pløyer du ofte kan det vera lurt å veksla litt på pløyedjupna slik at ein unngår pløye-såle.
Ofte høyrer me at det er lettare å få til ei fin pløgsle når ein pløyer djupt, men nyare typar plogar er betre på nettopp grunn pløying. ( 15 cm)

Slodding og harving
Her finns mykje ulikt utstyr å velga mellom. Målet er å få til eit godt såbed med minst muleg kjøring etter pløyinga, og at ein ikkje rotar opp for mykje stein. Her kan ofte en god slodd gjera ein god nok jobb med å sletta pløgsla og evt trykka ned stein. Skal ein så gjenlegg eller korn vil dette oftast vera nok. Ligg det mykje klumpar igjen, så kan det vera lurt å tromla før ein sår, særleg når ein brukar små frø (f.eks timotei)
Ulike grønnsak-dyrking krev anna utstyr for jordarbeiding .

Tromling
Ein bør alltid tromla eit gjenlegg eller ein kornåker. Dette sikrar jordkontakt for frø og knuser litt klump . Ofte kan det vera lurt å tromla før såing og, slik at ein får knust klumpar og får jamnare såbed. (særleg ved gjenlegg med timotei-frø)
Les meir
Vil du lesa meir om dette tema, så har NLRVest laga eit godt temahefte om fornying av eng. Det finn du her.

Høyr meir
Jordarbeiing er òg tema i den nyaste podcastepisoden til Bondevennen. Høyr den her.
