Den første frøblandinga var nær slåtteklar 19.mai. Då tok vi ei vurdering av blandingane slik dei såg ut i feltet. Vi vurderte visuelt prosentvis avling av alle blandingane opp mot den som synte klart størst avling på dette tidspunktet. NutriFibre er også med i feltet, men her hadde vi frø til berre ei rute. Difor supplerte vi feltet med ei rute med Strand 20. Denne inneheld 40 % hundegras, Laban, pluss raigras, engsvingel og kløver, og står klart best på dette tidspunktet. NutriFibre er klart dårlegast. Dei andre er vanskelegare å skilje, og er også på eit tidlegare utviklingsstadium. Raigras og strandsvingel er betydeleg seinare enn hundegras. Strand 20 blei også sådd rundt feltet, og står svært fint no.
Hundegras, den tidlegaste grasarten
Hundegras er den kulturgrasarten som skyt først, og som såleis er slåtteklar først. Det er likevel ikkje sjølvsagt at hundegras er det du skal satse på. Det krev tidlegare slått enn alt anna, noko som gjer at det passar dårleg saman med mykje anna gras som skal haustast noko seinare. Difor blir hundegras ofte slege for seint, og kvaliteten blir deretter. Difor bør hundegras vere eit bevisst val, der du kan starte slåtten med rundballing før siloslått, eller at du vel hundegras på seine stader på garden, slik at det høver å halde fram med slåtten på direkten etter at du har hausta på tidlege stader.
Tabellen syner ei skjønnsmessig avlingsvurdering på ulike frøblandingar vurdert opp mot den beste 19.05.25. Sandane, Gloppen kommune.
Frøblanding | Vurdert avling i % av Strand 20 |
Strand 20 | 100% |
Spire Surfôr/beite Vestland | 80% |
Strand 24 | 75% |
Strand 22 | 75% |
Strand 27 | 75% |
Spire surfôr fiber | 75% |
NutriFibre | 40% |

