Kvite kryssfeller kan gi informasjon til dyrkar om feltet er utsett for plommeveps. Sprøyting med Mospilan kan sikre konsumavling i plommer.

Prosjektet er finansiert av midlar frå NLR Småkulturer og prosjektet Alternative tiltak mot plommelarver (Landbruksdirektoratet).

Før 2022 hadde ein gode direkte tiltak mot plommeveps, men no har ein ingen fullgode kjemiske tiltak. Mospilan kan brukast på eggstadiet før larvene klekkjer, dvs. i slutten av mai ved avblomstring, men midlet kan ikkje brukast kvart år.

Plommeveps (Hoplocamp minuta)


Den vaksne plommevepsen er på størrelse med ei kraftig husfluge, men kan godt skiljast med dei gule beina. Plommevepsen kjem fram under blomstringa og vert i varmt ver tiltrekt av plommeblomane. Det blir lagt egg som blir plassert inn i ei egglomme ved basis av eit begerblad. Dei nyklekte larvene borrar seg inn i fruktknuten og øydelegg karten. Larvene kan skade fleire kart før larva er fullvaksen. Når larva er fullvaksen slepp den seg ned på bakken og spinn seg inn i en kokong for overvintring. Det er vanlegvis ein generasjon pr år.

Skadeterskel

Plommevepslarve i plommekart. Foto: Gaute Myren
Plommevepslarven kan ein finne i plommene i opptil 3-4 veker etter blomstring. Plommevepsen eter opp steinen og plommekarten ramlar av treet. Foto: Gaute Myren

For plommeveps har me ingen velprøvd skadeterskel, men vi brukar danskane sin erfaring som er at med meir enn 80-100 plommeveps i ei kvit rebell kryssfelle er det stor sjanse for skade i plommene.

Det finst to forskjellege artar av plommeveps og tidlegare erfaringar er at på Austlandet er begge artane tilstades. H. minuta har gule bein, medan H. flava har svarte bein.

Tiltak

Det er få tiltak som er fullgode, anna ein bruk av eit effektivt insektmiddel. I Norge er det lov å bruke Mospilan mot plommeveps kvart tredje år. Andre land anbefala oppheng av store rullar av kvite limfelle for å fange dei vaksne individa. Dette er ikkje prøvd ut i stor skala hos oss.

Forsøksfelt

Det vart hos ein integrert plommedyrkar hengt ut kvite rebellfeller for å overvåke innflyging av plommeveps. Feltet er kjent for å ha utfordring med plommeveps. Det er eit eldre felt med sortsblanding, men kvar av radane er med samme sort. Avlingsnivået er middels høgt, men allikevel høgare enn mange andre felt i 2025. Plassering av kontrollfellene vart bestemt utfrå krav i forsøksplan. Fellene vart hengt opp 25. april rett før blomstring. Full blomstring var 29. april i dei fleste sortane i feltet. Det var nytta feromonforvirring Isomate OFM i feltet, men det vil ikkje påverka plommevepsen.

Det vart hos ein integrert plommedyrkar hengt ut kvite rebellfeller for å overvåke innflyging av plommeveps. Feltet er kjent for å ha utfordring med plommeveps. Det er eit eldre felt med sortsblanding, men kvar av radane er med samme sort. Avlingsnivået er middels høgt, men allikevel høgare enn mange andre felt i 2025. Plassering av kontrollfellene vart bestemt utfrå krav i forsøksplan. Fellene vart hengt opp 25. april rett før blomstring. Full blomstring var 29. april i dei fleste sortane i feltet. Det var nytta feromonforvirring Isomate OFM i feltet, men det vil ikkje påverka plommevepsen.

Sjekk av plommekart. Foto: Gaute Myren
Sjekk av plommekart 5. juni, ca fem veker etter blomstring. Foto: Gaute Myren

Tabell 1. Fangst av plommeveps i tre forskjellige plommesortar: ‘Victoria’, ‘Mallard’ og ‘D’oline’. Fellene var hengt opp før blomstring i feltet og teke ned igjen etter avblomstring.

Uke

Dyrker

HOB

HOB

HOB

Sted

Lier

Lier

Lier

Sort

Victoria

Mallard

D'oline

Fellenummer

1

2

3

Feromonforvirring

Ja

Ja

Ja

Felle hengt ut

25.apr

25.apr

25.apr

19

06.mai

200+

200+

200+

20

13.mai

200+

36

36

21

20.mai

1

0

1

22

27.mai

Avsluttet

Avsluttet

Avsluttet

Sprøyting mot plommeveps

Det er sprøyta mot plommeveps med Mospilan 10. mai. Feltet var då avblomstra.

Skadesjekk før tynning

Det vart hausta 100 plommekart den 20. mai rundt kvar av fellene, tilsaman 301 plomme. Kvar av plommekartane er nøye sjekka.

Tabell 2. Sjekk den 5. juni av plommer for plommeveps. Det er ikkje usprøyta kontroll.

Dyrker

HOB

HOB

HOB

Sted

Lier

Lier

Lier

Sort

Victoria

Mallard

D'oline

Fellenummer

1

2

3

Feromonforvirring

JA

JA

JA

Felle hengt ut

25.apr

25.apr

25.apr

Felle tatt inn:

20.mai

20.mai

20.mai

Sjekkdato:

05.jun

05.jun

05.jun

Totalt

101

100

100

Ok

99

92

95

Sjekkes

2

8

3

Plommeveps

0

0

2

Snitt plommekart

8,6 mm

11,66 mm

10,96 mm

Kommentar

Litt larvegnag på bladverk. Mye plomme.

Middels avlingsnivå

Middels avlingsnivå


Det vart i same feltet sjekka 300 plommer rett før hausting av feltet. Det var då tynna bort eller karten var ramle ned, så det var ingen plommeveps å finne i plommene i august månad.

Diskusjon

Kvite rebellfeller kan være eit hjelpemiddel til å følgje med på om plommefelt er utsett for plommeveps. Det var mange plommeveps på vingene i tida rundt blomstring i forsøksfeltet. Dyrkar valgte å bruke Mospilan målretta mot plommevepslarvene. Det vart ikkje sett igjen usprøyta kontrollrader. I dei sjekka plommene før tynning av feltet var det lite plommeveps. Det vart funne tilsaman to larver som er 0,67 % skade av dei 301 undersøkte plommene. Mospilan med norsk dose ser ut til å fungere godt mot plommeveps om det blir brukt til rett tidspunkt.

Konklusjon

Kvite kryssfeller kan gi informasjon til dyrkar om feltet er utsett for plommeveps. Sprøyting med Mospilan kan sikre konsumavling i plommer.

Plommer. Foto: Gaute Myren
Ved skaderegistrering før hausting får ein ikkje inntrykk av skadepotensialet til plommeveps, sidan plommevepsskadde plommer har ramlet av tidlegare på sommaren. Foto: Gaute Myren