Aslak Botten, rådgjevar i NLR, har rekna på val av hauste-
linje for eit ukjent antall bønder. Oppdraga har vore frå dei som ynskjer ei oversikt over kva eige grovfôr kostar til dei som treng bistand i vurdering av overgang til ny haustelinje.

– Spørsmålet om rundball kontra plansilo ser ut til å vere ei never ending story, seier Botten.

Og det kjedelige svaret på spørsmålet kjem han med like godt først som sist:

– Du må vere god på det du gjer. Godt tilpassa maskinlinje og høge avlingar henta ut på minst mogleg innsatsfaktorar gir rimeleg grovfôr uansett haustelinje. Om du ikkje gjer ting rett, blir grovfôret dyrare for alle typar hauselinje, sier Botten.

Microsoft Teams image 2

Lite å tjene på overgang

I forbindelse med fleire prosjekt, har Aslak Botten
samanstilt tal frå fleire datakjelder, for å sjå om ein kan hente ut ein økonomisk gevinst ved overgang frå rundball til silo.

– For ein stor del kan det sjå ut som rundball fortsatt gjer det rimelegaste grovfôret for mange. Imidlertid vil større bruk ha ein potensielt større gevinst av overgang til silo, og for mange kjem denne gevinsten i fôrsentralen med lettare blanding og utfôring, seier rådgjevaren.

Han peikar og på færre traktortimar og mindre plasthandtering som fordelar ved silolinjer.

Fordelar og ulemper

Aslak Botten fortel at faktorar som mellom anna tilgang på arbeidskraft og transportavstand frå enga til fjøset óg påverkar kva for alternativ som gjer deg rimelegaste grovfôr.

– Ei kombirundballepresse gjer moglegheit for å klare all grashausting sjølv, utan å måtte leige med deg mannskap. Diverre kan det gje lav kapasitet og plastforbruket er klart høgare for rundballar. For ei silolinje vil ein i større grad vere avhengig av samarbeid eller innleid arbeidskraft, enten man haustar med lessevogn eller ei sjølvgåande finsnitter i haustelag. Imidlertid kan eit slikt alternativ gje særs god kapasitet – kanskje for god kapasitet om ein tenkjer på pakkingskravet i siloen, seier Botten.

Tabell 1: Snittkostnadar for hausting av grovfôr i rundball og silo i 2020. Det må leggast på om lag 1 kr i sum grovfôrkostnader for å finne dagens nivå.

KostnadsartRundball (kr/FEm)Silo (kr/FEm)
Dyrkingskostnadar1,631,69
Haustekostnadar1,611,72
Sum grovfôrkostnadar3,213,42

Individuelle vurderingar

Rådgjevaren fortel at det er vanskeleg å seie på eit generelt grunnlag kva for haustelinje som er den beste.

– Til det er det for mange faktorar av individuell karakter frå gard til gard som spelar inn. Difor må ein gjere eigne berekningar med sine føresetnader. Og den jobben kan NLR-rådgjevarane gjere i lag med bonden, seier Aslak Botten.