Ho heiter Astrid Øversveen, er 48 år og har arbeidserfaring frå mellom anna Bondelaget, Felleskjøpet og Tyr. Ein mastergrad i ressursforvaltning frå NMBU kjem også godt med. Ho har kontor på Løken i Valdres. - Eg gler meg veldig til å ta fatt på jobben med å gjere fjellandbruket endå meir synleg, seier Astrid.

- Målet for nettverket er å bidra til eit lønsamt og berekraftig landbruk i fjellområda med utgangspunkt i fjellbygdenes ressursar, særtrekk og føremonar. Fjellbondens behov står i sentrum. Kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling er viktige oppgåver, fortel ho.

- Fjellandbruket er fordelt på mange kommunar i mange fylke. Fjellandbruket sine interesser og behova kan lett bli borte gjennom dei etablerte institusjonane og informasjonskanalane. Det er derfor eit mål for senteret å få til møteplassar og aktivitetar som samlar heile fjellandbruket.

Vi i NLR Innlandet ser fram til å samarbeide med Nasjonalt senter for fjellandbruk!

Geit beitostolen
Bildetekst: Illustrasjonsfoto frå Olestølen i Øystre Slidre. Foto: Magnhild Strand

Nasjonalt senter for fjellandbruk inviterer til to webinar der dei set fokus på bruk av utmarka.