Grovfôr

I indre strøk gav god overvintring dei siste to åra eit godt utgangspunkt. Det var omtrent normal vekststart i låglandet medan det i høgare strøk var opp mot 2 veker forseinking. Nord i fylket slo mange førsteslåtten litt før dei hadde tenkt på grunn av regn som nærma seg. Dette medførte at det vart litt mindre avling enn normalt, men kvaliteten på førsteslåtten er jamt over veldig god. I midtre og sørlege strøk sørga fråvær av regn for lett slått, men for dei som slo tidleg vart og gjenveksten hemma av tørke.

På indre strøk fekk dei som var tidleg ute med andreslåtten berga graset greitt. Medan det for mange vart ein lang periode med krevjande vêr som forseinka slått og kvaliteten vart deretter. Framhald av dårleg vêr utover ettersommaren gjorde og at mange som hadde tenkt å ta ein sein tredjeslått vart litt seine med den i forhold til kva som er optimal tid for innvintring.

I ytre strøk er intrykket vårt at det har vore eit bra år der dei fleste har fått gode avlingar. Dei fleste som var på ballen fekk slått som dei planla. Nokre område fekk utfordringar som likna indre strøk med regnvêr under innhaustinga av andre og tredjeslått.

Bær

Avlinga var nok i gjennomsnitt litt under normalen trass i at det var bra med blomster. Varmen i juni ga en bråstart på sesongen og enkelte kom på etterskot med plukking. Så då regnet kom vart ein del øydelagt pga blaute bær og rotning. Jordbærsnutebilla tok også sin del av avlinga på indre strøk. Det er eit aukande areal i tunnel, det meste på table-top og med remonterande sortar. Frilandsarealet har derimot gått ned siste åra. Vi har etter kvart et større spekter av sortar. Polka og Korona har vore hovudsortar siste tiåra, men etter kvart har det kome inn litt meir av både tidlege og seine sortar. Rumba er mest dyrka tidlegsort. I hovudsesongen er det aukande areal av Saga. Siste åra har det kome mange gode seine jordbærsortar, mellom anna Florence, Faith og Malwina er dyrka her i fylket.

Bringebærmodninga kom i verste regnperioden og mykje bær vart blaut eller rotna. Mykje av frilandsbæra måtte derfor gå til industri. I slike sesongar får ein godt betalt for tak over bringebæra. I tunnel kan ein plukke fin konsumbær sjølv om det regnar. Konsumbær er litt meir arbeidskrevjande å plukke, men ein oppnår ein mykje høgare pris. I tillegg til gråskimmel såg ein også litt vindskade på bæra. Bladmidd finn ein i alle felt, men dei fleste har den under kontroll ved hjelp av sein haustsprøyting med Thiovit eller olje+såpe. Glen Ample er dominerande sort, men det er planta litt av den norske sorten Agat. Glen Ample gir stor avling og er haldbar i engrosomsetninga, men den er svak for bladmidd og er ikkje den sorten som har best smak. Bringebærarealet i Møre og Romsdal er etter måten lite, men stabilt. Vel halve arealet er dyrka i plasttunnel.

Potet

Det har vore ein krevjande sesong vermessig for potet også. Trass i dette har sesongen for potetdyrkarane gått ganske bra. Mykje av potetdyrkinga foregår på lett jord som berre treng kort tid med opphald før den er kjørbar. Tidlegsesongen for dyrkarane i Sunndal var veldig god med både avling og kvalitet over snittet. Til tross for ein våt sommar har det gått forholdsvis bra med lagringspoteta også. Unntaket er hovudsorten Asterix som har lege under det normale i avling og kvalitet. På grunn av krevjande innhaustingsforhold gjekk noko potet tapt på grunn av frost på slutten av sesongen.

Grønsaker

Tidleg i sesongen var forholda greie nok, med nok fuktigheit og brukbar temperatur. Litt dårleg spiring av gulrota i vår gjorde at nokre felt blei «glisne» og det blei for stor andel gulrot som blei for stor.

I år vart det vanskelege innhaustingsforhold. Frå midten av september til midten av oktober regna det mykje. Det blei difor ufrivillige pausar i innhaustinga då maskinell hausting ikkje var mogleg. Det var brukbare forhold ei vekes tid før det ble kaldt og frost. Alt blei difor ikkje hausta, verken av gulrot eller kålrot. Avlingskontrollen i september viste at avlingane låg noko over middels, men det hjelp lite når innhaustingsforholda var såpass krevjande.

Korn

Forholda for våronn var fine og kornet fekk ein veldig bra start. Det tørre vêret i juni gjorde litt varierande skade på avlingane. I område med tørkesvak jord vart avlingane sett kraftig tilbake av tørken, nokre plassar i kombinasjon med eit kraftig luseangrep. Frå slutten av juni regna det meir eller mindre konstant. Lite sol og mykje regn har sett sitt preg på avlingane i år. I fylket under eitt blir det rapportert om eit middels år. I motsetnad til andre delar av landet vart det aller meste av kornet i fylket treska, men vassprosent og kvalitet var noko dårlegare enn vanleg.