For å få ein peikepinn på rett høstetid ut i frå kva kvalitet vi vil ha på grovfôret, brukar vi Grovfôrmodellen utvikla av NIBIO. Her treng ein å sette rett dato for vekststart, lufttemperatur dvs. døgngrader, jordtemperatur, nedbør / fordamping og globalstråling. Ein må også ha kalibreringsmålingar ein dag i enga, der høgde på graset og utviklingstrinn satt. Med ei analysert kvalitetsprøve, og desse andre parametrane vil ein i Grovfôrmodellen kunne estimere utviklinga av graset i 9 dagar og slik treffe godt på rett høstetid. Det er mange av våre rådgivere i NLR som er ute og måler gras og tar prøver før slåtten. Du vil finne meir om dette i våre grovfôrmeldingar.
Bladfuktmålarar er viktig i områder med potet og grønsakdyrking, spesielt for å kunne sjå når det er fare for soppangrep på riset. I desse vekstane tilbyr vi no melding om når denne faren oppstår, slik at ein kan redusere skaden av dette.




