«- Vi er glade for å kunne meddele at Europaparlamentet, Ministerrådet og EU-kommisjonen har blitt samde om nye reglar for bruk av genomiske teknologiar (NGT) i planteforedlinga», står det på nettsida til Lyckeby. Før dei held fram med: «- Det er ein viktig milepåle for europeisk jordbruk og for Lyckeby. Endringa i lovverket gjør det muleg å bruke CRISPR/Cas9-teknologi i utviklinga av nye sorter som er meir robuste og gir redusert kjemikaliebruk. Det vil også framtidssikre ein haldbar produksjon for komande generasjonar», heiter det i meldinga.
No er det kanskje ikkje så rart at dei er ekstra glade på Lyckeby. Dei har i samarbeid med eit svensk firma, SolEdits, utvikla ein ny sort ved hjelp av CRISPR, som dei er klare til å introdusere på marknaden.
Vidt bruksområde
Bruksområde for potetstivelse er breitt og omfattar både matvarer, papirproduksjon og emballasje. Fram til no har ein stor del av dei millionar tonn stivelse som har blitt produsert globalt kvart år, trengt kjemisk modifisering for å oppfylle alle industrielle krav.
«- Etter vedtaket i Europaparlamentet, er vi klare til å introdusere vår CRISPR-redigerte potetsort. Saman med SolEdits har vi utvikla ein ny type «lagringsstabil stivelse» gjennom ein unik CRISPR-basert foredlingsprosess». Gjennom å gjøre nokre presise genomredigeringar i arvemassen til potet, har SolEdits eliminert dei komponentane i stivelsen som tidlegare kravde kjemisk behandling, heiter det i nyheitssaka.
Resultatet er ei optimert stivelse som berre inneheld kortkjeda amylopektinstivelse, som skal gi god lagringsstabilitet utan kjemisk modifisering.
Det gir haldbar påverknad i stor skala
- Tusentals tonn kjemikaliar spart årleg – berre i Sverige
- Ei naturleg «grønmerking» av stivelse
- Betre produktkvalitet og haldbarheit
- Auka produksjonsverdi for dei 600 medlemmane i foreininga til Lyckebygruppa, av dei 440 aktive potetprodusentar
«- No kan jordbruket i EU nå klimamåla, og for vår del innberar det styrka konkurransekraft og muligheit til å nå våre haldbarheitsmål», seier Mathias Samuelsson, salssjef i Lyckeby. Kalle Johansson som er utviklingssjef, er like oppstemt. «– Vi kan no dyrke ei naturleg lagringsstabil stivelse, der vi før måtte utføre kjemisk modifisering. Eit viktig steg mot våre haldbarheitsmål og utvikling av ein grønare stivelsefabrikk».
SolEdits er eit svensk agriteknologifirma som har bana veg for presisjonsforedling med CRISPR for å utvikle meire haldbare, helsegunstige og motstandsdyktige potetsortar. Firmaet vart grunnlagt som spin-off av SLU (Sveriges Lantbruksuniversitet).


