Reinert Kjølleberg har vore bonde på Kjølleberg på Lista i snart 43 år, og har ikkje tenkt å gje seg enno. Han driv med kjøt- og mjølkeproduksjon i eit gamalt, tradisjonsrikt kulturlandskap. I tillegg til 40 NRF mjølkekyr har han nokre dyr av den verneverdige rasen Lyngdalskyr som går på naturbeitemark ved Pennehuset, eit gamalt Listahus som Riksantikvaren eig. Reinert er interessert i historie og tradisjonar, og han har gjenom mange år gjort ein kjempeinnsats med å rydde kulturlandskapet, reparere og lø opp steingjerder, samt legge tilrette for Kyststien som går over hans eigedom. I tillegg tek han har vare på og brukar ein 400 år gammel jordkjellar og det gamle våningshuset frå 1500-talet. Reinert driv med aktiv skjøtsel, tilrettelegging og ikkje minst er han ein framifrå formidlar av historia på garden og på Lista, om kva eit ope, tradisjonsrikt kulturlandskap tyder for både folk, fe og det biologiske mangfaldet. Dette kombinerar han med å drive eit moderne, bærekraftig mjølkebruk som er bygd opp frå 7 mjølkekyr til 40 på desse åra. Reinert har vore medlem i Lyngdal Forsøksring/NLR Agder i alle år.
Det er Norsk Kulturarv som sidan 2007 har stått for den nasjonale kulturlandskapsprisen, og det var i år nominert 21 kandidatar. Kjølleberg fekk først kulturlandskapsprisen i Agder for 2021, og nå også den nasjonale prisen. Det står det respekt av.
Hensikten med kulturlandskapsprisen er å:
- Bevisstgjøre allmenheten på utfordringer når det gjelder kulturlandskapsverdier
- Øke kunnskapsnivået om kulturlandskapet
- Bevisstgjøre miljøverdiene i kulturlandskapet
- Stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempler
Følgende kriterier legges til grunn:
- Det skal være gjort en ekstra innsats for kulturlandskapet
- Det skal bidra til helhet og mangfold i/for kulturlandskapet
- Det skal bevare og synliggjøre kulturlandskapet
- Det skal være knyttet til bærekraftig skjøtsel, aktiv landbruksdrift og moderne drift av kulturlandskapet
- Det skal øke tilgjengeligheten for allmennheten til kulturlandskapet
Kulturlandskapsprisen er på kr 50.000,- sammen med et grafisk blad i tresnitt utført av Hans Normann Dahl. Den ble første gang delt ut i 2007.
Juryen har bestått av
- landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad,
- administrerende direktør i Landbruksdirektoratet, Jørn Rolfsen,
- forhenværende leder i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes,
- leder i Norsk bonde- og småbrukarlag, Kjersti Hoff,
- riksantikvar Hanna Geiran
styreleder i Stiftelsen Norsk Kulturarv, Jørn Holme.