Kjell Vidar og Silje Merete Øyslebø overtok eigedomen Der heime på Helle i Kvinesdal sommaren 2022. På garden er det mjølkeproduksjon – i eit fjøs som blei renovert i 2022 og 2023 produserer dei om lag 216.000 liter mjølk. Dei har to barn på 2 og 3,5 år, og sidan Silje har jobb utanfor bruket er det ein hektisk kvardag. Sidan ikkje anten Silje og Kjell Vidar har utdanning innan landbruket har det vore ei bratt læringskurve etter at dei overtok. Då det kom informasjon om mentorordninga i landbruket søkte dei og fekk «innvilga» mentor i 2023.

Sidan dei gjekk frå mjølkegrav til robot ved ombygginga av fjøset vart dette eit tema for mentoringa. Mentor som hadde erfaring med mjølking med robot var derfor viktig – i tillegg ein mentor som er god på grasdyrking / fôrproduksjon.

Oddgeir Steinberg er mjølkeprodusent på Høie i Marnardal saman med kona Birte – der bygde dei om til lausdrift i 2012 og sette inn robot i 2015. Dei fornyar enga jamleg og er opptatt av kvalitet frå jord til fjøs. Oddgeir tek og på seg litt leigekøyring, særleg med rive. Oddgeir vart spurt om å vere mentor for Silje og Kjell Vidar og takka ja. Det viste seg å bli ein god «match»!

Både Kjell Vidar og Oddgeir liker å prate – så telefonen har blitt brukt flittig, både samtale, SMS og Snapchat har vore flittig brukt for å løyse utfordringane som har oppstått. Dei har og hatt fleire treff i løpet av året, så Kjell Vidar er veldig nøgd med utbyttet av ordninga og Oddgeir som mentor.

Silje og Kjell Vidar fekk utfordringar allereie frå starten av sesongen 2023 sidan det vart tørt veldig tidleg – dei valde og å gå over frå to til tre slåttar, med breispreiing og raking før pressing. Undervegs i sesongen bytta dei frå ein-rotors rive til to-rotors rive. Her kom Oddgeir sin kunnskap om engdyrking og erfaring med maskinkøyring til sin rett!

Kjell Vidar seier han ikkje nødvendigvis «aksepterte» Oddgeir sitt forslag til løysing, men diskuterte det vidare med Silje slik at dei saman fann løysing som passa for dei. Sidan både Oddgeir og Kjell Vidar er bønder på konas gard er båe einige om at diskusjonen på «heimebane» er viktig – båe må vere einige når det skal takast ei større avgjerd på garden. I praksis betyr det lite kven som eig garden!

Kjell Vidar oppsummerer at dei har fått over all forventning hjelp og respons frå Oddgeir – det har vore veldig bra!

Mentor Steinberg Oyslebo
Praktisk opplegg rundt bruk av maskiner er viktig for Kjell Vidar (til venstre). Oddgeir (til høgre) har som mentor bidratt med lang erfaring og kunnskap om emnet.

Mentorordninga i landbruket