Siste veka før påske var siste offisielle arbeidsdag for Harald Hetland i NLR. Då gjekk han over i pensjonistane si rekkje. Vi som arbeidde med han kjem til å sakna den lune væremåten hans her på kontoret i Ølen, og bøndene på Haugalandet vil sakne dei jordnære råda han alltid kom med.

9. mai 2024 er det 50 år sidan Etne, Ølen og Vindafjord forsøksring vart skipa. I 36 av desse åra har Harald Hetland vore tilsett. Då Harald vart tilsett i 1987 hadde ringen vore utan ringleiar eit år. Det var difor mykje å ta igjen. Dei første par åra var han åleine som tilsett, og måtte gje råd, ikkje berre om plantevern og grovfôr, - men også dyrking av potet og korn som også var ein vanleg produksjon rundt om på gardane.

Men det var grovfôr og mekanisering som han etter kvart engasjerte seg mest i. I 1993 overtok han leiinga av Haugaland Maskinring, og har heile tida sidan hatt ei stø hand om maskinsamarbeid, tilrådde prisar m.m. Ei tid var det prislista Harald stod ansvarleg for, som også vart brukt elles her på Vestlandet. Fram til 2005 var Haugaland Maskinring eigen organisasjon. Men då Etne, Ølen og Vindafjord forsøksring, Haugaland forsøksring slo seg saman til Haugaland Landbruksrådgjeving, vart også maskinringen med der.

Då Harald vart tilsett i Etne, Ølen og Vindafjord forsøksring var det 194 medlemer. Då vi gjekk saman til Haugaland landbruksrådgjeving var dette talet auka til 520. Dette medførde høgare aktivitet, og meir ansvar.

I tillegg til å væra ein engasjert rådgjevar, har Harald også hatt, og har fleire tillitsverv utanom NLR. Det er liten fare for at han gror fast framfor fjernsynet. Han og kona har bygt nytt hus dei flytte inn i for vel eit år sidan. Alle borna har slått seg ned i nærleiken, med familie og barnebarn. Og så har han kjøpt seg endå ein gravemaskin. Det blir nok å halda fingane i.

Me ynskjer Harald lukke til vidare i pensjonisttilværa, og med nye prosjekt som vil dukka opp!

Harald Hetland med traktor
Harald Hetland har vore ringleiar/rådgjevar i 36 år og vert no pensjonist.