Særheim

Saerheim 2020 2025
Med gjennomsnittleg dato for såing, 13. mai og hausting i løpet av oktober, har ein på Særheim ikkje nådd målet på 2400 MVE siste 4 åra.

2025

Saerheim 08 10 2025
Per. 21. september ligg vi eit par dagar etter utviklinga i 2024. Vi må her ta med at mai 2024 var uvanleg varm, noko som kan bety at dei fleste felta sådde på Jæren har like god utvikling dette året som i 2024.

Vindskade tirsdag 5. august.

Sterk vind (Uværet Floris) tirsdag 5. august knekte ned ein del planter i mange felt på Jæren. Vi har fått spørsmål om ein berre skulle hausta felta. Vårt råd er å venta. Det er fremleis 2 månader til normal haustetid, og dei gjenståande plantene vil framleis utvikla seg mykje. Dessutan vil det væra vanskeleg å plukke opp knekte planter som ligg flatt på bakken.

Maisfelt Trond Vistnes 05 08 2025
Foto: Trond Vistnes. Bilde 1 er tatt 5. august. Det andre 17. august viser at feltet i stor grad har reist seg att!
Maisfelt Trond Vistnes 17 08 2025
Foto: Trond Vistnes. Bilde 1 er tatt 5. august. Det andre 17. august viser at feltet i stor grad har reist seg att!