Kolbjørn Taklo

Eg har aldri visst kva eg skulle bli når eg vart stor. No er eg snart ferdig med 50-åra, og har jobba over 25 år med helse miljø og tryggleik i landbruket, so då var det vel det eg vart, HMS-rådgjevar.

Nei, eg er ikkje julenissen, så det er ikkje ynskjelista di eg er ute etter. Black friday, black week, black month, stadige utvidingar og nye tilbod på nett og i butikk, tar seg av dei ynskjelistene. Men er det eigentleg der det finaste er?

Vi har vel alle kjent på gleda og forventninga i å ynskje seg noko, og kriblinga når ynsket blir oppfylt og gåva eller innkjøpet står der; lukta i ein ny bil eller traktor, spenninga i det nye, uprøvde. Men som vi alle og har erfart; det varer berre ei lita tid før ting ikkje er fullt så blendande fint. Nokre dagar eller veker så er det berre ein del av det daglege, sjølvsagde rundt oss.

Eg vil slå eit slag for dei fine ynskja og gåvene som ikkje blenkjer på nett eller i utstilling, men som betyr noko for eit anna menneske, eller for deg sjølv, ditt velvære og di helse.

Heilt, eller nesten gratis:

  • Stogg opp og ta ein prat med den kjenningen eller naboen som du vanlegvis berre nikkar til i forbifarten.
  • Ring ein «juleprat» til nokon du veit treng det
  • Inviter til juleselskap på teams, facetime eller anna smittefri plattform
  • Be inn til uteselskap, fyr i bålpanna, alle tar med mat, kopp og det dei treng
  • Eit godt, heimelaga måltid med laaangt bordsete
  • Meir tid til fri i lag med familien neste år
  • Faste turdagar i lag med ektefelle/sambuar eller andre

Eit klokt hovud har sagt at «det finst ingen bekymringar som er så store at du ikkje kan gå dei av deg»

Fine gåver som kostar, men gir god helse og velvære (det er lov å gje til seg sjølv og):

  • Treningskort på Spenst, Sats eller liknande
  • Personleg trenar til den som ikkje kjem i gang
  • Time hjå fotpleiar for stell av føter og tånegler
  • Konsert, festival eller teaterbilettar
  • Eit måltid på restaurant

Det finaste eg kan ynskje meg? Påverka av lang tid med HMS-arbeid, så er det sjølvsagt å behalde helse, arbeidsevne og arbeids- og livsglede! Utfordringa for oss alle, er at vi reknar helse som sjølvsagt, heilt til det skjer noko som gjer at den sviktar.

Det er den finaste gåva, både til deg sjølv og dei rundt deg, og samfunnet med, at du tek vare på deg sjølv, både fysisk og mentalt. Då trengst både mat, kvile, fritid, gode samtalar og opplevingar.

Det finaste ynskje, er å behalde helsa og unngå skader og ulukker; det kjem heller ikkje av seg sjølv men krev aktiv innsats.

Så får vi håpe at 2022 blir det året då dei styrande ser at no må det større gåver til derifrå og…

Og at vi kjem oss heilskinna gjennom pandemi og nedstenging.

GOD JUL OG EIT TRYGT NYTT ÅR!