Endre Bjotveit

Eg byrja som rådgjevar i dåverande Ryfylke Forsøksring i 2002, og har sidan 2004 vore fruktrådgjevar i Hardanger, der eg også driv gard i lag med familien.

Koronapandemien sette i 2020 ein midlertidig stoppar for alle fruktsamlingar. I tillegg har me også tidlegare sett at det er utfordrande for mange å få med seg arrangement på dagtid. Dei fleste har ein jobb ved sida av garden, og det er ikkje alltid like enkelt å ta seg nokon timar fri for å få med seg ei skjeresamling eller markvandring.

For å gje eit breiast mogeleg tilbod til så mange av medlemmene våre som mogeleg byrja me difor å sjå på mogelegheita for å laga instruksjonsvideoar om ulike tema. Fylkeskommunen stilte opp med prosjektmidlar, og etter noko forseinkingar og ei heldig tilsetjing av ein rådgjevar som hadde vore borti videoredigering før, har me fått på plass ein liten serie filmar.

Tilbakemeldingane tyder på at dette har falle i smak hjå medlemmene, så dette er gjerne noko me må gjera meir av?