Statsministeren opna Renevo sitt anlegg på Stord tysdag i førre veke, og allereie onsdag var ein gjeng vossabønder på tur for å få omvising på anlegget. Det er eit imponerande anlegg som Renevo no har bygd og her skal det produserast 60 GWh i tillegg til næringsrik biorest/biorgjødsel. Gjengen frå Voss fekk ein grundig gjennomgang av kva prosessar som skjer i anlegget og vi fekk følgje straumen av substrat frå det kjem inn i anlegget til det går ut i form av biogass og biorest. Det å drifte eit biogassanlegg kan samanliknast med å fôre ei mjølkeku; det gjeld å optimalisere det som kjem inn for å maksimere produksjonen. Bakteriane som produserer metan er vare for skifte i miljøet, og prosessen kan gå sur – akkurat som vomma til kua når vi fôrar med for mykje kraftfôr, så her er det viktig å følgje godt med i prosessen.

Mange av bøndene har teikna intensjonsavtale med IHM om levering av husdyrgjødsel og mottak av biorest, og dei fekk treffe Lars Ove Rimmereid som er ein av bøndene som har forhandla fram avtalar mellom Renevo og bønder på Stord og Fitjar.

Takk til Renevo for lærerikt besøk!

NLR Vest arbeider med fornybar energi, og kan gje råd til bønder som enten ynskjer å utreie moglegheit for eige biogassanlegg eller grendeanlegg – eller til bønder der det er aktuelt å levere gjødsel til eit større anlegg.

(19) Statsministeren åpnet nytt biogass-anlegg på Stord - YouTube

20220525 135523
Omvising i vaskehallen der bilane kjem inn med husdyrgjødsel, fisk og anna substrat.
20220525 140719
Driftssjefen viser korleis biogassprosessen vert overvaka.