Kolbjørn Taklo

Eg har aldri visst kva eg skulle bli når eg vart stor. No er eg ferdig med 50-åra, og har jobba over 25 år med helse miljø og tryggleik i landbruket, so då var det vel det eg vart, HMS-rådgjevar.

Oskeladden hadde aldri klart å kapre prinsessa og halve kongeriket utan dei gode hjelparane han tok med på vegen. Korleis er det med dykk bønder? Passar de på å ha nok hjelparar tilgjengeleg?

Eg spør alltid når eg er ute på HMS-besøk: «Kven kan du ringe og be om hjelp dersom du står fast, eller skal gjere arbeid der ein bør vere fleire»?

Altfor mange svarar at dei ikkje har nokon, ein må klare seg sjølv i det meste, i beste fall kan ektefelle eller sambuar ta fjøset i naudstilfelle.

Norske landbrukstenester (NLT) gjer ein god jobb med å skaffe avløysar og landbruksvikar, men har tidvis utfordringar både med å skaffe nok kvalifiserte folk, og ha nok arbeid til fulle stillingar når det ikkje er sjukdom. Og kjem der ein som er sjukare enn deg, så må kanskje landbruksvikaren prioriterast der. Då blir det å krabbe seg i fjøset sjølv, uansett kor sjuk ein er. Ordningane er bra å ha, men totalt vert det for sårbart i ei verksemd med levande dyr som må ha dagleg fôring, stell og tilsyn.

Eg har mange gonger peika på at bonden er den viktigaste ressursen på garden, og at det difor er livsviktig at de tek vare på dykk sjølv. Som andre sjølvstendig næringsdrivande arbeider de svært mange timar gjennom året, og det blir kanskje ikkje meir enn ei veke ferie og ei frihelg kvar 6 -7 veke. I tillegg er mange arbeidsoppgåver slik at det er «berre eg som kan gjere dei». Dette er ikkje god medisin for å ta godt vare på seg sjølv, snarare kan det føre til negative bekymringar og stress, fordi du veit at du er alfor åleine om den daglege drifta, og at det blir lite fritid i lag med andre.

Færre og færre har sitt arbeid i landbruket, og drifta vert større og meir spesialisert. Samstundes er der mange som har interesse for landbruk, og støtta i befolkninga er god. Dette kan du som bonde utnytte til å skaffe deg meir avlasting og hjelp i drifta. Eg er heilt sikker på at du har ein nabo eller kjenner nokon som anten er veldig interessert i dyr og dyrestell, eller har ein hemmeleg draum om å køyre store landbruksmaskiner. Har du spurt om dei har lyst å prøve seg som medhjelparar på garden din? Inviter dei med, gje dei god opplæring og lat dei få prøve seg. Og vipps har du eit kinderegg; triveleg selskap i eit elles einsamt arbeid, betre tryggleik om noko skulle hende, og fleire folk som kan noko om landbruk.

Ring nokre vener, og inviter dei inn i landbruket ditt! La dei bli ein del av din beredskap for å trygge drifta på garden, og å trygge deg sjølv.

20230606 143058