Det vart arrangert fagdag 1. desember på Voss. Tema var korn til malt og fôr. Godt oppmøte av interesserte som ønskte informasjon om korndyrking for å vurdera om det kan vera aktuelt å prøva, kanskje alt i 2024.

Røynde rådgjevarar frå Trøndelag heldt innlegg. Anders Eggen, rådgjevar og kornbonde, fortalde kva ein som ny korndyrkar bør gjera for og lukkast best mogleg.

Atle Haugnes, tok for seg jordarbeiding både til korn og gras. Dersom kornet ikkje når fram til fullmodning kan det treskast på gulmodningsstadiet, krossast (valsast) og ensilerast med melasse. Økomjølkprodusent Olav Dugstad fortalde om sine erfaringar med metoden.

Det vart elles fortalt om historia til malt og litt om lokal korndyrking i tidlegare tider.

Erfaring med byggdyrking og testing av gamle byggsortar på småruter i 2022 viser at det er mogleg å dyrka bygg til fullmodning. Det er eit alternativ å bruka kornet som dekkvekst.

Arrangementet var ein del av arbeidet i eit prosjekt der ein mellom anna ønskjer å dyrka korn til fullmodning og testa ut gamle kornsortar som mellom anna er eigna til ølbrygging. Prosjektet er delfinansiert av Vestland fylkeskommune og i samarbeid med fleire aktørar mellom anna Vestnorsk kulturakademi.