Ove Sørestrand

Husdyr har alltid vore mi store interesse. Eg var tidleg med i fjøset på morsgarden på Skor i Hyllestad. Tida med handmjølking, som framleis var fleire plassar på 1960-talet, hugsar eg godt.

Det nærmar seg sanking og slakting av lam, og prisløypene er slik at det vil løne seg å levere slaktemogne lam frå månadsskiftet august/september.

Holdvurdering er eit godt hjelpemiddel for å plukke ut slaktelam til rett tid, og har ein lært seg holdvurdering, og kan vurdere holdet på eigne dyr, er dette kunnskap som kan brukast gjennom året i buskapen.

Holdvurdering er like aktuelt uansett driftsopplegg og rase, og er den faktoren som spelar mest inn på resultatet om hausten, slik at det er viktig å bruke noko tid på dette.

Holdvurdering er ein metode for å vurdere muskel og feitt på lammet, og utgangspunktet er å vurdere fyljande punkt på dyret.

OS slaktetidspunkt

Kjenn på torntappane og tverrutvekstar på ryggen, bak siste ribbein.

  • Ta grep om ryggen, og kjenn hardt
  • Stryk over ribbein
  • Ta grep om halerot
  • Tenk over kva du kjenner – om det er bein eller feitt/kjøtt

Det vil vere til stor hjelp å notere kva ein trur lammet slaktar seg som, og samanlikne med avrekning frå slakteri. Kvalitetstilskotet på lam frå Staten er kr 525,- pr stk. for alle lam som kjem i slakteklasse O+ eller betre. For eit lam på 18 kg vert tilskotet ca. 30 kr pr kg.

Ved utplukk av slaktelam tek ein utgangspunkt i levandevekt som ei grovsortering, og så tek ein siste sjekk ved å holdvurdere lam som held vektkravet.

  • Søyelam og godt kjøtsette lam av tunge rasar har høgare slakteprosent enn lam frå lettare rasar.
  • Lam som er vegne i eit sankegjerde med lite beitegras i vomma har høgare slakteprosent enn lam som går på godt haustbeite.
  • Lam som vert tekne inn om kvelden, og vegne om morgonen før beiting, har høgare slakteprosent enn lam som vert tekne inn, og vegne rett frå godt haustbeite.
  • Fyljande levandevekter kan brukast for å vurdere slaktevekter på lam:
  • Lam av rasen Norsk Kvit Sau med god kjøttfylde, tørre lam, og med lite beitegras i vomma vil ha ein slakteprosent på rundt 45 % og må ha ei levandevekt på minst 40 kg for å oppnå ei slaktevekt på 17-18 kg.
  • Erfaringar viser at lam med ein del beitegras i vomma har lågare slakteprosent slik at levandevekt må vere høgare enn 40 kg for å få ei slaktevekt på 17-18 kg.
  • Tørre lam av lettare rasar med lite beitegras i vomma må ha levandevekt på 43 kg for å få ei slaktevekt på 17-18 kg.
  • Lam av lettare rasar med ein del beitegras i vomma må ha ei levandevekt på 45 kg for å få ei slaktevekt på 17-18 kg.

Lukke til med sanking og lammesesongen!